Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Stor og nærgåande asteroide

ASTRONOMIPosted by Harald Wed, April 19, 2017 00:43:41
Har mykje å gjere for tida, og difor vert det minimalt med tid til å halde auge med verdsrommet.

Men sidan ein ganske stor asteroide passerar oss i dag onsdag, lyt eg skrive nokre linjer.

Etter kva eg forstår, kan det ha versert rykter om at han kan hende treff oss (?) Det gjer han ikkje, men med ein fart på 33,55 km/sek som skulle bli nær 121 000 km/timen er det like greit at han på det nermaste passerer Jorda i ein avstand på 4,6 x middelavstanden til Månen. Det skjer norsk tid klokka 14:24 etter kva eg finn ut.
Diameteren er 852 meter.

Og steinar med diameter på 852 meter som virrar omkring der ute med 121 000 km/t vil me heilt klart ikkje skal treffe oss !

Enda 5 asteroidar til er å vente før månadsskiftet, men dei held seg alle på trygg avstand.


I DESSE DAGAR SUSAR JORDA GJENNOM METEORSVERMEN PERSEIDENE

ASTRONOMIPosted by Harald Sun, August 14, 2016 23:29:32

Kvart år i august månad passerar Jorda gjennom restar kometen Swift-Tuttle legg att etter seg kvar gong han passerer Sola. Det skjer kvart 133. år, og sist skjedde det i 1992.
Når Jorda susar gjennom dette beltet av kometstøv og partiklar, kjem ein god del av dei inn i atmosfæren.
Dei kjem typisk inn i atmosfæren med ein fart i overkant av 20 km/sek = 72 000 km/t.
Men farten kan være frå ca 40 000 km/t til 260 000 km/t.
I friksjonen mellom jordatmosfæren og meteroen, vert meteoroverflata varma opp til omlag 1700 grader C.
Den lysande halen, er typisk mellom 20 og 30 km lang, men berre rundt 1m i diameter.

Meteorsvermen me passerer gjennom i desse dagar, vert kalla Perseidene sidan meteorane ser ut til å kome frå stjernebiletet Perseus. Dei har likevel ingen ting med stjernene i Perseus å gjere, då den nermaste stjerna der er omlag 90 lysår borte. Egentleg eit system av tre stjerner som kretsar rundt kvarandre.
(90 lysår = om du kan reise rundt Jorda nær 8gonger på eit sekund, eller bruke rundt 1 sekund til Månen, tek det deg "berre" 90 år å nå fram til desse stjernene).

Meteorsvermen derimot, lyser opp berre 80 til 100 km over oss dei sekundane det tek før heile meteroen fordampar.

Kvar kan du sjå meteorsvermen ?
Sjå mot aust omlag midt oppe på himmelen rundt kl 22 om kvelden, eller mot sør i 3-4 tida om morgonen.
For bilete om kvar du skal sjå, klikk her !

Det er lett å gå i surr om meteoride, meteor og meteroitt. Og om asteroide og komet.
Her kjem ei oppklaring:

Meteoride = objektet susar rundt i verdsrommet usynleg for oss, sidan han enno ikkje er komen inn i atmosfæren.

Meteor = objektet er komen inn i atmosfæren og lyser opp.

Meteoritt = det som eventuelt er att av objektet, og fell ned på Jorda.

Asteroide = Objekt av stein, mineral eller blanding av desse med diameter frå nokre få meter til fleire kilometer. Dei kan vere restar frå klodar som har kollidert langt attende ei tid under danninga av solsystemet, eller "klumpar" som alldri slo seg saman og vart til klodar eller månar.
Det er millionar av dei, og dei går stort sett samla i bane rundt stjerna vår, Sola, slik klodane gjer. Men som eit belte i stadan for eit og eit objekt.

No og då vert banen deira forstyrra av kollisjonar med andre asteroidar, påverka av tyngdekrafta frå fjerne passerande stjerner eller av planetar i vårt solsystem, særleg av Jupiter.
Då kan dei endre kurs og kome mot til dømes Jorda.

KOMET = Objekt av stein, mineral eller is, eller ei blanding av desse. Storleiken vanlegvis frå rundt 1 km i diameter opp i mot 2 km. Komethalen som oppstår når kometen nermar seg Sola og solvinden samt varmen fører til tap av masse, kan bli 1 million km lang.
Kometane går ein og ein i bane rundt sola for seg sjølv,- og kan ha omløpstid rundt Sola frå nokre år til fleire hundre, fleire tusen eller fleire millionar år.
Langt ute i vår solsystmet finn vi Keuperbeltet som består av millionar av kometar. På same måte som asteroidar kan verte forstyrra, kan også kometar endre kurs og eventuelt kome mot Jorda.

Solsystemet vårt er truleg pakka inn i ei kule av milliardar av kometar som for det meste består av is. Denne kula som omsluttar heile solsystemet vårt, heiter Oort- skya.
Ho befinn seg 0,8 til 3,2 lysår frå Sola, og markerer grensa for vårt solsystem slik theplanets.org tenkjer det seg under her.





NÆRGÅANDE ASTEROIDAR PÅ VEG MOT OSS

ASTRONOMIPosted by Harald Thu, March 03, 2016 01:11:16
Nyleg oppdaga asteroide passerer oss torsdag 03.mars.

Navn: 2016 DV1
Oppdaga 28. februar.
Diameter: 45m
Fart: 67 572 km/t
På det nermaste passerer han oss om lag som avstanden frå Jorda og ut til Månen.
Det skjer klokka 06:17 norsk tid.


Navn: 2013 TX68
Det kjem ein til den 8. mars. Avstanden han passerer oss i er svært uviss.
Rundt 5 millionar km er nevnt, medan det også er fastslege at nermare Jorda enn 24000 km kjem han i alle fall ikkje. Litt av ein skilnad !
24000 km er ikkje meir enn ca 0,06 x avstanden til Månen !
Diameter: 38m
Fart: 55 152 km/t

Talet på asteroidar som utgjer ei potensiel fare for Jorda har auka ein god del dei siste vekene, og er no 1688 asteroidar.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

ESPAŇOL

LLamado: 2016 DV1
Recien discubierto asteroide nos pasara el Jueves 3 de Marzo.
Descubierto: 28 de Febrero.
Diametro: 45m
Velocidad: 67 572 km/h.
Distancia: A lo más cerca las 05:15 hora UTC.


LLamado: 2013 TX68
Viene otro el día 8. Los datos no son exactos todavía.
Piensan que puede pasarnos tan lejos como 5 milliones de km, pero existe una posibilidad de que va a pasar mucho más cerca.
Sin embargo más cerca que 24 000 km no es posible.
Eso quiere decir 0.06 x la distancia hasta la Luna !
Diametro:38m
Velocidad: 55 152 km/h







STJERNEHIMMELEN I JANUAR

ASTRONOMIPosted by Harald Mon, January 11, 2016 20:08:03

HUGS:
Planetane skin med fast lys. Reflektere lyset frå Sola.
Planetane me ser tilhøyrer vårt solsystem, og kretsar rundt stjerna vår, Sola, slik Jorda også gjer.

Stjernene er det same som soler, og dei funklar og "blinkar".
Dei er ufatteleg langt borte. Om du kunne reise med lyset si hastigheit, greier du nesten 8 turar rundt Jorda i sekundet.
Likevel ville du bruke 9 år på å nå fram til den nermaste stjerna (bortsett frå Sola) av dei me ser frå den nordlege halvkule: Sirius.

Om du lurer på kva planetar det er som skin sterkt i sør - sørves frå rundt kl 6 til soloppgang, får du svaret her
:

Det er på rekkje og rad frå oppe til høgre og langt nedover mot venstre:
Jupiter, Mars, Saturn og Venus.

KLIKK HER FORS STOR SKISSE !

CME- eksplosjonar / solstormar og andre utbrót på stjerna vår, Sola.

ASTRONOMIPosted by Harald Wed, December 16, 2015 22:36:51

FLARES / BLUSS
Eg forklarer dette litt nermare: I stjernene (ei sol = ei stjerne) er det ein kamp mellom to krefter, fusjon og gravitasjon. Desse opprettheld stjerna. Gravitasjonskreftene ville gjort at stjerna kolapsar om seg sjølv, om ikkje fusjonskreftene hadde pressa laga i stjerna utover.
Fusjon = kjerneraksjon. Forenkla kan ein sei at kjernar med positiv ladning vert sent mot kvarandre med voldsom kraft. Dei vil fråstøyte kvarandre slik like polar med same lading ( f. eks. + mot +) i magnetar fråstøyter kvarandre. Under denne prosessen vert det frigjort energi som stråling: Varme, lys og ei rekkje andre former for stråling.
I ein slik fusjonsprosess på Sola slår hydrogenkjernar seg saman til heliumkjernar.
Ikkje mindre enn 600 millionar tonn hydrogen vert fusjonert til 596 millionar tonn helium kvart einaste sekund. Forskjellen på 4 millionar tonn utgjer alle typar stråling frå Sola som vert frigjort i prosessen.

Om verdsrommet kunne transportere lyd, ville me på Jorda høyrt eit spetakkel tilsvarande støyen om me står 100 m frå eit jetfly under avgang. Sjølv om Sola befinn seg 150 millionar km frå oss !

Nokre gonger greier plasma frå det indre i Sola å trengje gjennom dei øvre laga på grunn av magnetiske endringar i området. Som ein solar vulkan.
Brennande plasma vert slengd ut i verdsrommet med nokre tusen til nokre millionar km / t, før tyngdekreftene frå Sola dreg materien ned at. Slik ser me enorme bógar på Soloverflata. Sjå biletet under. Jorda, som er insett for å samanlikna dimensjonane til eit slikt utbrót, vert veldig lita.



Slike flares / bluss- utbrot kan frigjere energi tilsvarande 10 millionar x ein vulkansk eksplosjon på Jorda. Samstundes vert mange typar stråling sent ut i rommet. Denne strålinga kan dra avgarde med opp mot lyset si hastigheit, 300 000 km/sek, og nå Jorda etter få minuttar.

CME- EKSPLOSJON
Nokre gonger oppstår det regelrette eksplosjonar i solflekkar, som er områder som heile tida oppstår på Sola grunna magnetiske reaksjonar. Temperaturen går ned med rundt 2000 grader i desse områda, og dei ser difor betydeleg mørkare ut enn resten av gassoverflata.
Slike eksplosjonar har ulik styrke, men kan vere så kraftige,- og bli slengd avgårde med mange millionar km / t,- at sjølv dei voldsomme tyngdekreftene til Sola ikkje klarer å dra brennande plassma og lada partiklar attende til Sola.
Det er dette eg meiner når eg skriv CME- eksplosjon = Coronal Mass Ejection.

I staden frigjer ei sky av lada partiklar seg frå Sola, og fér gjennom rommet. Skjer ein slik CME- eksplosjon ein stad på solskiva som vender mot Jorda, får me ho meir eller mindre rett i trynet. Det er dette som vert kalla solstorm.
Vanlegvis skjer det ikkje noko meir enn at magnetfelta rundt polane på Jorda tek seg av dei lada partiklane, noko me kan sjå som uvanleg flott nordlys.

Men er eksoplosjonen særs kraftig, kan den lada skya / solstormen kortslutte satelittar (GPS, annan navigasjon, overvaking, osv) og vere fårlege for astronautar ute i rommet grunna stråling. Dei kan jamvel kortslutte kraftverk på Jorda og øydeleggje elektronisk utstyr i alle former. Dertil fell radiosamband bort.

Det seier seg sjølv at i vår teknologi- tufta verd, kan heile samfunn stoppe opp om me skulle bli trufne av ein kraftig solstorm.
I Canada skjedde akkurat dette måndag den 13 mars 1989. 6 millionar personar vart myrklagde og utan straum i 9 timar.
Ein meiner at det i verste fall kan ta heile 10 år å rette opp att skadene om solstormen som treff oss er av dei kraftigaste.

MEN,- brennande gass og plasma kan IKKJE nå oss slik katastrofefilmen "Knowing" syner. Brennande materie når ikkje ein gong fram til Merkur som er planeten som kretsar nermast sola.

For å kunne varsle solstormar, vert Sola overvaka 24 timar i døgeret både frå satelittar i rommet, og frå solobservatoria på Jorda. Det tek nemleg vanlegvis 2 til 4 dagar før solstormen treff oss, om han har retning mot oss. Det er nok tid til å slå av elektronisk utstyr og satelittar, "parkere" ISS (Den Internasjonale Romstasjonen) i skuggesida til Jorda og utføre andre tiltak for å redusere skadane mest mogeleg.

HER ser du ein ny dokumentar på omlag 1 time som syner kva som vil skje om ein kraftig solstorm treff oss. Du ser også om overvakinga av Sola, lysbógane eg har skrive om, CME- eksplosjonar og mykje meir.






ASTEROIDEN 2015 TB145

ASTRONOMIPosted by Harald Wed, October 28, 2015 03:57:26
ASTEROIDEN 2015 TB145

31.10.2015
Og her er link til video / foto frå folk som klarte "å fange" asteroiden:
Enlaces a video / foto hecho de personas cuales han logrado a capturar el asteroide:

Klikk her / Apreta aquí

NASA

20.10.15
Oppdaga så seint som 10. oktober,- altså for berre 10 dagar sidan !

Norsk tid når han er på det nermaste til Jorda: 18:01.
Farten er då 125 805 km/t
Avstanden frå Jorda er 486 392,56 km

Om han derifrå hadde kome rett mot oss, ville me kun hatt 03t 51min 58sekund på å kome oss i dekning.
Dersom eit objekt av denne storleiken og med så stor hastigheit hadde truffe land, ville fleire tusen kvadratkilometer blitt øydelagt. Energien utløyst i samanstøyten ville vere langt over 100 000 x energien i atombomba over Hiroshima i 1945.

Om objektet traff havet, ville flodbylgja etter treffet sjølvsagt blitt enorm.


Klikk her for å kome til ORBIT DIAGRAM.
Bruk skyvekontrollane så ser du kor nær han passerer oss.
Nederst til høgre = Zoom inn / ut.
Under bilete = Køyr objekta i banen
Du kan sjå kvar han befinn seg til ei kvar tid med kontrollane til venstre.

Du må zoome kraftig inn for å kunne skilje han frå Jorda.

-----------------------------------------------------------------------------------------------

ESPAÑOL

Descubierto el día 10 de Octubre este año = sólo hace 10 días !

A lo más cerca de la Tierra hora: UTC 17:01.
Distancia en ese momento: 486 392,56 km
Velocidad: 125 805 km/h.

Si el objecto de esa posición hubiera venido directamente hacía nosotros, hubiermaos tenido solamente 3h 51m y 58seg para descondernos.

Un impacto con la Tierra de un objecto de este tamaño y con esta velocidad hubiera producido una energía muy por encima 100 000 vézes la energía de la bomba atómica sobre Hiroshima en 1945, y miles de kilómetros cuadrados hubiera sido extinguido completamente.

Un impacto con el mar, hubiera causado un tsunami enorme.


Para llegar a una tabla de orbito, apreta aquí.
Por hacer uso de los controles deslizantes se ve donde se encuentra en cualquier momento.
Control deslizante abajo a derecha = zoom
" " debajo de la tabla = mover el objecto en el órbito
Con los controles a la izquierda se pone día, méz, año etc.

Hay que zoom muy cerca para destingirlo de la Tierra !

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Asteroiden befinn seg under horisonten i nordaust sett frå Noreg når han er på det nermaste. Men du kan sjå han både før og etterpå med ein kikert på stativ, eller med eit mindre teleskop. Eg har lagt ut 2 kart der han tydeleg er merka med raudt.
Eit kor han befinn seg i natt, og eit kvar han kan sjåast når han på laurdag kveld er på det nermaste.

ESPAÑOL: El asteroide se encuentra debajo del horizon visto desde Noruega cuando esta a lo más cerca el Sábado. Pero es visible antes y despues en un telescopio pequeño, o en binoculares en tripode.
He hecho 2 imagenes donde se puede ver su posición esta noche y el Sábado a lo más cerca.

29.10.2015 / 02:26 Klikk her for større bilete // Apreta aquí por imagen más grande

31.10.2015 / 18:01 Klikk her for større bilete // Apreta aquí por imagen más grande



Har Kepler- teleskopet oppdaga tegn på liv langt der ute ?

ASTRONOMIPosted by Harald Mon, October 19, 2015 00:27:49
Du har i det siste kan hende høyrt / lest om noko astronomane ikkje finn ut av når det gjeld ei stjerne langt der ute i evigheita ?

Dette har hendt:
Kepler- teleskopet vart plassert ut i verdsrommet i 2009.
Det er laga for å måle foryrande små endringar i lyset frå ei (eller fleire) stjerne(r). Det er jo slik at om ein planet passerer framføre ei stjerne i banen sin rundt stjerna (slik til dømes Jorda passerer framføre Sola sett frå ein stad lenger ute i rommet), vil lyset frå stjerna / sola han passerer framføre bli litt svekka.
Om same redukjson i lyset frå stjerna gjentek seg fleire gonger med nøyaktig like tidsrom imellom, er det tegn på at det er ein planet i bane rundt stjerna som er oppdaga.
Ved å måle graden av lysreduksjon, storleiken på stjerna og andre faktorar kan ein slå fast storleiken på planeten, omløpstida og til og med i nokre tilfeller gjere seg opp ei meining om korleis atmosfæren er samansett dersom han har atmosfære.

Nokre tusen planetar er på denne måten i løpet av dei siste åra bekrefta å kretse rundt stjerner der ute. Planetar som går i bane rundt andre stjerner enn vår stjerne, Sola, vert kalla exoplanetar. Dei fleste som er funne til no er enorme gassplanetar som Jupiter og Saturn,- nokre til og med mange gonger tyngre enn Jupiter.

Men det er også funne steinplanetar om lag så store som Jorda, eller litt større,- som kretsar i høveleg avstand til stjerna si for at liv skal kunne eksistere.

Kepler- teleskopet har kapasitet til heile tida å halde auge med 150 000 stjerner på denne måten.



I 2011 vart det oppdaga ei form for lysreduskjon frå ei stjerne som vert kalla KIC 846285, som skil seg heilt ut frå alt som tidlegare er observert.
I staden for at lyset vert regelmessig redusert som frå eit større objekt som ein planet, vert lyset frå denne stjerna "uryddig" redusert. Det vert redusert i ulik grad av fleire objekt samstundes. Men enda meir forunderleg er at lyset på det meste vert redusert med heile 22% !
Til samanlikning vil ein planet på storleik med Jupiter som passerer framføre ei stjerne berre redusere lyset med 1%, og ein planet med storleik som Jorda berre med 0,1%.
Jupiter er rundt 11 x større enn Jorda.

Ein har tenkt gjennom mange teoriar: Om KIC 846285 hadde vore ei ny stjerne kunne det vore mindre mystisk då større og mindre planetar, asteroidar og slikt dundrar saman i starten av danninga av eit solsystem før det heile stabiliserer seg. Slik var det også med vårt solsysten for 2-4 milliardar år sidan.
Dermed kan "eit lass" med restar frå knuste planetar kretse rundt ei stjerne.
Det er berre det at denne stjerna ikkje er ny,- og eit eventuelt solsystem (stjerne med planetar som kretsar rundt) der har for lengst stabilisert seg.

Ein annan teori er at ein eller fleire kometar har blitt øydelagde av stjerna, og no kretsar rundt som eit gigantisk lass. Men astronomane får heller ikkje dette til å stemme heilt.
Sjølv om det for tida er det nermaste ein kjem ei naturleg forklåring.

Teorien nokre held hardt på, er at det er gass i halen frå ein enorm komet som formyrkar stjerna på denne måten, eller rett og slett ei gassky som det er fleire av ute i rommet.

Men andre astronomar utelet ikkje heilt den mest eksotiske forklåringa: At det er noko konstruert som regelmessig passerer framføre stjerna. Konstruksjonen må i så fall vere gigantisk,- kan hende større enn Jorda og bestå av mange samansette delar av ulik storleik.

Stjerna befinn seg 1481 lysår frå oss. Diverre må du ha teleskop for å sjå ho då magnituden som ein kallar lysstyrken til ei stjerne sett frå Jorda for, berre er 12,7.
Jo lågare tal, jo bedre ser ein stjerna / objektet. Sola har til dømes magnitud på -26,74.

Sidan stjerna det er tale om er så langt borte, ser ein altså desse observasjonane for 1481 år sidan. Eller slik det var i år 534 her på Jorda.
Var dei då i ferd med å byggje noko av gigantiske dimensjonar langt der ute, eller er det restane av noko som vart øydelagt ? Eller var det ferdigkonstruert og operativt ?

I Januar skal enorme antennar rettast mot staden foir å sjå om ein får inn signal som kan vere noko anna enn "vanleg romlyd". I så fall skal enda kraftigare reidskapar takast i bruk,- for å sjå om det for 1481 år sidan vart sent ut radiosignal eller liknande frå langt der ute i evigheita.

Under finn du bilete (og linkar til betre versjonar) der eg har laga eit utsnitt av verdsrommet der denne stjerna befinn seg.
Området ser du svært lett. Det store stjernebiletet Cygnus / Svanen og det noko mindre Lyra / Lyren er mest rett over hovudet på deg om kvelden og natta då dei er synlege. Men også om dagen. Sjå litegrann meir mot vest enn rett over deg om kvelden. Du ser tydeleg stjernene Deneb i Svanen og Vega i Lyren. Sikt deg inn etter dei, så ser du mot den mystiske stjerna. Kan hende du ser nokon som vinka til deg langt der ute i frå for 1481 år sidan ....?


Over ser du lett Deneb og Vega. Betre bilete her !

Her ser du området på nermare hald. Stjerna KIC 846285, med det mystiske objektet kretsande rundt, befinn seg eit lite stykkje rett sør for / nedanfor stjerna "o1 Cyg": Omicron 1 Cygni (Som egentlig er 3 vakre stjerner; orange, kvit og blå :) Men du lyt ha teleskop for å skille dei).

Altså nedanfor "o1 Cyg" og ovanfor, og litegrann til høgre for stjernehopen NGC 6866.
Den ser du heller ikkje utan teleskop.

For større bilete, klikk her !






STJERNEHIMMELEN I OKTOBER

ASTRONOMIPosted by Harald Sun, October 11, 2015 21:32:35
MOT AUST OM MORGONEN RUNDT KL 6:
KLIKK HER FOR STØRRE BILETE
Du ser faktisk ikkje mindre enn noko så, for så vidt skjeldant, som Merkur heilt nede ved horisonten. Grunnen til at han er så vrien å få auge på til vanleg, er at han står så nær Sola at han forsvinn i sollyset. Men no kan du sjå han like før soloppgang.
Deretter fylgjer som perler på ei snor oppover mot sør / høgre: Jupiter, Mars og Venus.
Du skil dei lett frå stjernene (ei stjerne = det same som ei sol) ved at planetane "skin" med fast lys. Stjernene "blinkar". (Planetane skin ikkje av seg sjølve, dei reflekterer lyset frå Sola).
Heilt til venstre ser du stjerna Arcturus som skin og funklar i alle fall 110 x meir enn vår stjerne, Sola. Arcturus er ei såkalla raud kjempe. Ho har ein radius omlag 26 x større enn radiusen til Sola. Grunnen til at ho er raudaktig / orange, er at ho har starta ein av dei siste fasane på veg mot slutten av livet. Det er slutt på drivstoffet hydrogen som vår Sol i over 1 milliard år til fusjonerer til helium. Ho har teke til med neste steg som er å fusjonere helium. Dette får stjena til å vekse kolosalt, samstundes som overflatetemperaturen går ned til rundt 4000 grader C. Derav fargen. Når ho i framtida ikkje har meir drivstoff i kjernen (forenkla forklåra) bles ho av dei ytre skala i ein formidabel eksplosjon som slyngjer dei ut i verdsrommet. Den indre kjernen fortset som ei lita gloheit stjerne,- ein såkalla kvit dverg. Omlag på storleik med Jorda. (Jorda er rundt 1 million x mindre enn Sola). Men det foregår ikkje lenger nokon kjernereaksjon inne i den kvite dvergstjerna, slik som då ho var "stor sol". Den kvite fargen kjem av den høge temperaturen etter at dei ytre skals er blesne av, og kan vere opp til 100 000 grader. Overflata på Sola har til samanlikning ein temperatur på 5505 grader. Stjerna er i dette stadiet så knept saman av voldsome gravitasjonskrefter at om du tek med deg ei teskei kvit dvergstjerne- stoff attende til Jorda, vil det vege........5 tonn !

ARCTURUS samanlikna med SOLA. Bilete frå http://www.solarsystemquick.com

ARCTURUS. Bilete frå DSS2 / MAST / STScI / NASA.

Etter mange milliardar år som kvit dverg, sloknar den kvite dvergen og vil i all evightet segle rundt i verdsrommet som ein svart dverg,- ein kald, ufatteleg samanklemt klump på storleik med Jorda.

Men det tek si tid då det som er att av dei kvite dverstjernene som er om lag like gamle som universet, altså 13,7 milliardar år gamle, og dermed i ferd med å kjølne heilt ned,- og difor blitt svarte dvergstjerner,- held framleis etter om lag 13 milliardar år ein temperatur på nokre få 1000 grader.

VIL DU BLI RIK ? LETT !
Dra til den kvite dvergstjerna BPM 37093, også kalla Lucy. Ho er berre 50 lysår frå oss. (Det tek deg altså kun 50 år å nå dit om farkosten din kan flyge rundt Jorda 7,6 gonger på 1 sekund....). Ho er litt mindre enn Jorda. På grunn av den astronomiske kompresjonen og temperatursne er kjernen i stjerna ein diamant som veg 10 milliardar trillionar trillionar karat !! Den økonomiske framtida for deg og dine er dermed sikra !

HJELP ! OG VÅR STJERNE....SOLA,- VERT DEN OGSÅ ØYDELAGD ? SLAPP AV,- SJØLVSAGT VERT HO DET ! Om 1,5 milliardar år kokar alt liv på Jorda bort, inkludert hava og atmosfæren. Det har eg skrive om før i detalj. Leit attende under Astronomi her på bloggen. Det er også lagt ved bilete av framtida når det skjer ......


MOT SØR OM MORGONEN I OKTOBER:


KLIKK HER FOR STØRRE BILETE

Ser du mot sør tidleg om morgonen, ser du også fleire svært fasinerande stjerner.
SIRIUS nede til venstre er den nermaste stjerna til Jorda du kan sjå frå den nordlege halvkula. Avstanden er berre 8,6 lysår. (Om du greier 7,6 x rundt Jorda på eit sekund, tek det deg berre 8.6 år å nå fram til Sirius ! Pytt, pytt !). Men faktisk så er det to stjener på same staden, Sirius A og Sirius B. Og Sirius B er netopp ei slik lita kvit dvergstjerne eg skreiv om over. Sirius B slengde avgårde dei ytre skala for om lag 120 millionar år sidan, og vart til ei kvit dvergstjerne. Sirius A har ein overflatetemperatur på rundt 9 900 grader C, og difor ser du at ho lyser med kvitaktig lys. Ho er altså mest dobbel så varm som Sola, og 71% større. Sirius B har ein overflatetemperatur på 25 000 grader, men er litt mindre enn Jorda. Ho er så samanknept at 3 gram med Sirius B- stoff vil vege omlag 1 tonn på Jorda !

RIGEL lengre oppe og til høgre for Sirius, i stjernebiletet Orion, har 11 000 grader på overflata. Ho slin difor blå- kvitaktig. Ho er 70 x vidare enn Sola, og utstrålar 66 000 x meir energi enn Sola ! Dertil skin ho 40 000 x sterkare enn Sola. Men massen er faktisk berre 17 x større enn vår Sola.
Om Jorda skulle kretse rundt Rigel, og oppretthalde livet her, måtte avstanden til Rigel vore i alle fall 5 x lenger borte enn Pluto er på grunn av den voldsomme energien frå stjerna. Dertil kjem effektane av ulik stråling, så det er uvist om korleis tilhøva ville vore for liv.

Over og til venstre for Rigel også i stjernebiletet Orion, ser du superkjempestjerna Betelgeuse. (Giant Super Star). Ho har eg skrive om mange gonger. Det er vel knapt ein einaste amatør- eller profesjonel astronom som ikkje til stadigheit må kike opp mot Betelgeuse for å sjå om ho har ..........eksplodert ! Ho er ei stjerne som er heilt i slutten av livet. Drivstoffet er omtrent brukt opp. Når så skjer, kolapsar stjerna om seg sjølv. Brøkdelen av eit sekund etter at kjernen går over til jern som er siste stadiet i kolapsen (komplisert å forklare her og no), eksploderer heile stjerna i ei av dei mest dramatiske hendingane som kan skje i verdsrommet. Dette kallar me ein supernova- eksplosjon. Grunnen til at ho ikkje berre bles av skala slik Arcturus vil gjere, er at massen og dermed gravitasjonskreftene til Betelgeuse er mykje større. Massen er i alle fall 20 x større enn Sola sin masse. Ho har ein diameter omlag 1000 x diameteren til Sola. Det tyder at om ho hadde vore plassert der Sola er, ville ho slukt heile solsystemet til og med Jupiter ! På grunn av den enorme storleiken skin ho 100 000 x sterkare enn Sola ! Sjølv om den raude fargen kjem av at temperaturen på overflata er "berre" 3 200 grader C.

Avstanden til Betelgeuse er (takk og pris) 640 lysår. Faktisk så kan ho ha eksplodert, men det tek altså 640 år frå det skjer til lyset når oss. Altså om ho eksploderte i 1814, ser me det ikkje før i 1814 + 640 = år 2454 ! Når det skjer,- og det vil garantert skje,- kjem Betelgeuse til å lyse minst like sterkt som Månen i fleire månader.
Deretter kan ho ende som nøytronstjerne eller som eit svart hól.

Kjapt forklåra er ei nøytronstjerne det eine alternativet som er att etter ei massiv stjerne med masse minst 20 x Sola sin masse har eksplodert i ein supernova- ekplosjon.
Dei er enda meir samanpressa ein ei kvit dvergstjerne. Ein masse 3 x Sola sin masse kan vere pressa saman til ei stjerne med ein radius på berre frå 12 km opp til 30 km ! Dei kan ha temperatur på 1 million grader, ei tyngdekraft 200 milliardar x tyngdekrafta på Jorda. 1 teskei med stoff frå ei slik stjerne kan vege 1 milliard tonn på Jorda ! Nokre roterer med ein voldsom hastigheit. Dei vert då kalla Pulsar. Ei av dei er målt til 750 x i sekundet, og den raskaste ein til no har funne roterer med over 1000 x i sekundet. Når ei nøytronstjerne roterer slik, sender ho frå seg lysglimt under kvar rotasjon,- som ei fyrlykt.
Nøytronstjerner i form av pulsarar er altså som ekstremt hurtigblinkande fyrlykter i verdsrommet !

Det andre alternativet er eit svart hól. Då er alt som er att av stjerna eit "hól" i verdsrommet. Diameteren aukar i høve til massen av stjerna som vert til eit svart hól. Om Jorda vart til eit svart hól (umogeleg då Jorda ikkje er ei stjerne), ville hólet vore 0,017 m i diameter. Om Sola som er 1 million x Jorda i storleik hadde blitt til eit svart hól (også umogeleg då ho,- sjølv om ho er ei stjerne,- har altfor liten masse), vore 6000 m i diameter.
Eit svart hól har ei gravitasjonskraft så enorm at ikkje ein gong lys slepp unna. Alt vert trekt inn mot hólet i ein spiral. Og samspelet mellom akselrasjonen og den aukande tyngdekrafta jo nermare hólet ein kjem, er så voldsom at til dømes Jorda ville blitt strekt ut til ein lang spagetti med stadig tynnare ende nermast hólet.

Attende til supernovaen.
For å gå klar fåre, eller til og med undergang, må me vere minst 25 lysår frå ei stejrne som eksploderer i ei supernova. Altså er me trygge.
BETELGEUSE teke av Huble- teleskopet ute i rommet.
Tenk deg at om vår stjerne, Sola, er i midten vil Merkur, Venus, Jorda, Mars og Jupiter få plass inne i denne gigantiske stjerna om ein reknar frå midten og ut.

Men sjølv Betelgeuse vert lita samanlikna med den største stjerna me til no kjenner til: UY Scuti som er 1780 x radiusen til Sola ! Avstanden er 9500 lysår.
Ho skin 340 000 x sterkare enn Sola.



Tenk deg no at det går 1 million jordklodar i det vesle grynet du ser på skissa over, som altså er Sola. Me er ikkje særleg stotre i astronomisk samanheng.

PROCYON ser du til venstre for Betelgeuse. Det er ei av dei nermaste stjernene til Jorda med ein avstand på berre 11 lysår. Igjen er det tale om to stjerner, ei stor og ei lita kvit dvergstjenre like ved. Procyon er 1,7 x større enn Sola. Temperaturen er rundt 8500 grader.

Eg avslutar denne gongen med Aldebaran i Tyren oppe og til høgre for Betelgeuse.
Også Aldebaran har eg skrive om før: 44,2 x diameteren til Sola, avstand 65,3 lysår og skin 425 x sterkare enn Sola. Temperaturen er 3900 grader C.
Det er igjen tale om ei kjempestjerne på veg mot undergangen. Det er noko usikkert om ho, slik som Betlegeuse, vile eksplodere som supernova,- men det kan skje.
Då kan også ho ende som nøytronstjerne eller som eit svart hól.





« PreviousNext »