Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Romvéret rundt Jorda og dalstroka innafor dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sat, December 30, 2017 22:20:52

SOLA
: Der skjer det lite for tida (berre omdanning av 600 millionar tonn hydrogen til 596 millionar tonn helium kvart sekund.. ha ha. Og dei 4 millionar tonn som vert "til overs" i prosessen er kva Sola strålar ut mellom anna som lys og varme, samt ein grubråte med farleg stråling. Men det er om ein reknar stråling frå heile solkula. Og sidan det går rundt 1 million jordklodar i Sola, kan ein tenkje seg den ørvesle delen som treff oss. Likevel er det nok til å halde livet i gang på Jorda).

ASTEROIDAR: Ikkje mindre enn 31 asteroidar av ulik storleik har passert oss i desember. Ingen av dei har vore farleg nær oss, men fleire har passert oss like utanfor Månen sin bane. I astronomisk samanheng er det ganske nær.

Og atter ein gong kom det ein luring tett på oss, som vart oppdaga fyrst dagen før han fór forbi oss. Det skjedde for få dagar sidan, den 28. desember.
Han er 9 meter i diameter, og farten var 34 560 km/t. Han passerte berre 0,6 x avstanden til Månen frå oss.

Faktisk er det også ein KOMET på vandring i solsystemet vårt, utanfor banen til Mars. Han har det fått vakre navnet PanSTARRS (C/2016 R2).
Men du lyt ha eit kraftig teleskop for å sjå han, om du ser mot stjernebiletet Tyren.

Michael Jäger er ein astrofotograf frå Austerike som fylgjer kometen tett på.
Klikk denne linken for å sjå ein video han har laga som strekkjer seg over 2 timar.
Der ser du at kometen misser ein diger del av halen, truleg p.g.a magnetisk storm frå Sola. Men det kan også vere isbitar som forsvinn ei sky p.g.a varmen frå Sola sjølv om kometen er eit godt stykkje frå Sola.
I verdsrommet er det direkte stråling frå Sola, og ingen atmosfære som regulerer temperaturen. Difor er det på Månen pluss 123 grader C der du ser Sola skin på han. Der Sola ikkje skin, er det ned til minus 153 garder C.
Kor varmt det er der kometen befinn seg, veit eg ikkje. Men truleg nok til at eventuell is smeltar over tid.

GODT NYTT ÅR !



ROMVÉRET, GJEST FRÅ EI ANNA VERD OG LITT TIL

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Mon, December 04, 2017 10:34:17

Det går tregt med oppdateringa mi på denne sida, men her kjem ei.

SOLA

På stjerna vår,- altså Sola,- er det “roleg” for tida. Om ein kan kalla ein “stad” der rundt 600 millionar tonn hydrogen vert omdanna til 596 millionar tonn helium kvart sekund for å vere «roleg»....

Rett nok er det eit digert såkalla koronalt hól der, kvar frå det strøymer ut solvind i form av lada partiklar i store mengder. Grunnen til at slike hól oppstår, er kort fortald at det er endringar i dei magnetiske felta på Sola. I staden for å returnere til Sola, strekk dei magnetiske felta seg ut i verdsrommet, opnar opp ofte eit område mange hundre eller tusen gonger større enn Jorda og varme gassar og lada partiklar strøymer fritt ut i rommet med ein fart av 25 000 til 50 000 km i timen.

(Noko av det snøggaste som nokon gong er målt når det gjeld vind frå Sola, er under ein solstorm for nokre år sidan då farten var 10 til 16 millionar km / timen !

Om solstormar har eg skrive mykje før; solstorm og CME eksplosjonar).

Bileta over er tekne 3. desember.Det øverste syner ingen solflekker på solsida som vender mot oss for tida. Biletet under syner dei digre koronale hóla.
Frå SDO/AIA.

Desse «hóla» verkar svarte fordi temperaturen der er mykje lågare enn i området rundt. Overflatetemperaturen på Sola er 5505 grader C. I koronale hól er temperaturen typisk rundt 3-4000 grader C. Difor verkar dei myrke /svarte.

I alle høve gjer slik solvind at nordlysaktiviteten rund Jorda sine polar aukar, om retningen på solvinden er slik at han treff oss.

ASTEROIDAR

Nå ja, antalet asteroidar som utgjer ei mogeleg kollisjonsfåre for Jorda aukar heile tida, og er no oppe i 1869.

Det er rekna på kor stor fåre det er for at me skal verta råka av ein asteroide eller komet med diameter på rundt 2 km. Ein har komet fram til at mogelegheita er 1 av 10 000 for at det kan skje dei neste 100 åra.

Ein slik kollisjon vil vere kraftig nok til å utslette store delar av livet på planeten vår, men ikkje kraftig nok til global utsletting av alt liv.

KOMET: Objekt som har ein lang bane rundt Sola. Det går mange tiår, hundrevis, tusenvis eller millionvis av år mellom kvar gong han passerer oss.

Består av stein, mineral og is. For kvar gong dei passerer Sola, misser dei substans og slik oppstår halen. Eigentleg to halar; éin oppstår då varmen frå Sola smeltar isen i kometen, slik at den vert til gass. Fargen på denne halen er blåaktig og peikar vekk frå Sola avdi solvinden «bles» gassen bort frå Sola.

Fargen på denne gassen hjelper til med å fastslå kva gass(ar) det er tale om, i tillegg til smelta is. Ein grønaktig farge kan til dømes peike mot giftige gassar.

Men det er ikkje berre is som vert blest av kometen når han nærmar seg Sola, også støv samt stein- og mineral partiklar. Desse vert ikkje i så stor grad påverka av solvinden, og peikar som oftast i motsett lei av ferda til kometen,- altså bakover. Fargen er ofte raudaktig eller gulaktig grunna refleks frå Sollyset.

ASTEROIDE: Eit objekt frå nokre få meter til fleire km i diameter. Dei går i bane rundt Sola nett slik planetane gjer. Ofte samla i eit belte med 10- tusenvis eller meir av slike steinar. Det største asteroidebeltet ligg mellom Mars og Jupiter.

Ingen av dei som utgjer ei mogeleg fåre for Jorda har kurs mot oss no. Ein fårleg situasjon kan oppstå om banen deira vert uroa grunna kollisjon med andre asteroidar, eller om dei passerer så nær andre planetar i vår solsystem at tyngdekrafta frå dei endrar banen til asteroiden. I sær gjeld dette om dei passerer gigantplanetane Jupiter og Saturn. Det kjem litt an på kva asteroidebelte asteroiden tilhøyrer, eller om han har «slite seg laus».

Eg har skrive om fylgjene av ein slik kollisjon i detaljar for nokre år sidan. Du finn det om du leitar bakover her på sida.

FRAMAND GJEST AV UKJENT OPPHAV STAKK INNOM

Du har truleg høyrt om den lange, sigarforma «tingen» som nyleg vart oppdaga og som har vekt mange spekulasjonar.

«Tingen» har fått navnet «Oumuamua» med opphav frå Hawaii sidan han vart oppdaga av PanSTARRS sitt teleskop / avdeling der.

Biletet over er laga av kunstnar tufta på informasjon henta inn om Oumuamua. Men ingen observerte objektet nær nok til å ta verkelege bilete.

«Oumuamua», oversett frå målføret dei nyttar på Hawaii til god gamaldags nynorsk vert noko slikt som «Den fyrste bodbringaren frå langt borte i frå».

PanSTARRS = Panoramic Survey Telescope and Rapid Response System.

Dette er eit system som kjapt skal oppdage objekt i rommet, særleg med tanke på asteroidar som måtte «finne på» at dei skal sikte seg inn mot oss jordbuarar.

(Ikkje at me kan gjere så mykje frå eller til om éin kjem mot oss,- til det er me altfor opptekne med å lage nye vidundervåpen som me kan gjere ende på kvarandre med. I staden for at nasjonane går saman om å beskytte planeten vår mot asteroide- eller kometkollisjon).

Meir vitenskapeleg heiter objektet no I / 2017 1U, etter fyrst å ha blitt registrert som C / 2017 1U og deretter A / 2017 1U. Kvifor ? Avdi ein fyrst trudde det var ein komet (engelsk: Comet) , og difor C’en i C / 2017 1U». Deretter trudde ein det var ein asteroide (altså A framføre skråstreken), før ein slo fast at dette er fyrste gong eit objekt kan slåast fast ikkje å kome frå vårt solsystem på grunn av banen.

Det er fyrste gong ein har kunna ta i bruk «I» for «Interstelar» i registreringa.

Banen er heilt uvanleg i høve til slikt som me oftast ser der ute; sjølv om ikkje noko er opp eller ned i universet, vert det slik at om me ser solsystemet vårt slik me pleier sjå det framstilt, kom Oumuamua i eit bratt stup rett nedi solsystemet vårt med nær 53 000 km/t, gjorde ein U- sving (nærmare ein V- sving) rundt Sola og «flaug» beinvegs bratt oppover og ut i det svarte tomrommet att. Ikkje så veldig langt frå Jorda, men vart fyrst oppdaga på veg ut att. Skal fortelje astronomane rundt om fekk fart på seg for å hauste inn mest mogeleg om gjesten før han fór for langt vekk.

KLIKK HER for å sjå banen til objektet gjennom vårt solsystem

Gjennomsnitthastigheita gjennom rommet er sagt å vere vel 16 000 km/t. Men han auka då han nærma seg Sola.

Sjølvsagt var folk som støtt forklarar alt vitskapen ikkje kan gjere nøye greie for (samt ein god del av det vitskapen kan gjere greie for...) kjapt på plass og meddelte oss at dette (igjen...) var besøk av utanomjordiske skapningar.

Sidan ingen var på plassen for å sjå kan me jo ikkje sei dei imot, og heller ikkje kan dei med kjappe forklåringar bekrefte at det er eit utanomjordisk romskip.

Det me kan sei er:

Objektet er omlag 400 meter langt og rundt 40 m breit.

Raudaktig (som ofte asteroidar er).

Farten gjennom rommet er vel 16 000 km/t (27 km/sek).

Truleg består det av metal- og steinartar.

Gjev ikkje frå seg gassar eller støv slik ein komet gjer når han passerer Sola.

Og med tanke på at det er «folk» ombord, kan eg ta med desse punkta:

Det kom ikkje noko slag form frå signal eller anna stråling frå objektet på nokon frekvens

Farten og kursen er stabil og fylgjer måten ein asteroide eller anna naturleg objekt ville oppføre seg, sjølv om banen til Oumuamua er heilt ansleis. (Om det er utanomjordiske på tur, kan det vel henda at dei ville svinge litt på rattet og stanse, eller i alle fall for eit bel redusere farten til alminneleg god snekkefart for å kike nærmare på til dømes oss..?)

Konklusjonen er at det er eit asteroideliknande objekt frå eit anna solsystem enn vårt.

I byrjinga kunne det tyde på at kursen er slik at han kjem frå området nær stjerna Vega i stjernebiletet Lyren. I så fall ville han med si hastigheit ha brukt 300 000 år på ferda til oss. Berre det at for 300 000 år sidan var ikkje Vega der objektet då var. Altså kjem han neppe derifrå.

Ein reknar med at det fér frå 1 til 10 slike interstellare objekt (objekt frå utanfor vårt solsystem) gjentnom vårt solsystem kvart år. Men på grunn av farten og avstanden til dei, er dei til no ikkje blitt oppdaga. Men med PanSTARRS- systemet, og elles stadig bere teknologi vil antalet slike observasjonar auke framover. Og det er veldig spanande, anten dei er av naturleg opphav eller snikra saman av nokon der ute.









Romvéret rundt Jorda og dalstroka innafor frå og med 13.10 og dei fyrste dagane framover

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Fri, October 13, 2017 01:49:17
Går tregt med romvèrmeldingane mine for tida. men her kjem ei til.

SOLA (som altså er stjerna "vår", som befinn seg i ein middelavstand på 150 millionar km frå oss, som har plass til 1 million jordklodar inne i seg, som odannar (fusjonerar) 620 millionar tonn hydrogen til 616 millionar tonn helium kvart sekund,- dei 4 millionar tonn i differanse er strålinga som i denne prosessen fèr ut i rommet i form av lys, varme og ein grubråte med anna stråling,- og som, dersom verdsrommet kunne transportere lyd, ville laga eit slikt fælsleg spetakkel at det ville vore som om me stod 100 m frå eit jetfly under avgang,- som på dette viset syter for at kloden vår og me er i live,- og som skråsikkert ein gong langt der framme om ca 1,5 milliardar år vil starte prosessen med å gjere ende på heile Jordkloden) er det roleg for tida.
Mistenkjeleg roleg, ( "roleg" er eit relativt begrep om ein tek omsyn til det eg nett skreiv over...) sidan det er 4. dag på rad utan ein einaste solflekk å sjå. [= områder som oppstår grunna magnetiske tilhøve på Sola, ofte fleire gonger større en Jorda, og som stundom slengjer solstormar i fleisen på oss (har skrive i detaljar om dei før her)].

Sjå bilete under frå NASA (Eg va nett ute og henta da):


ASTEROIDAR
Som mange kjenner til ( ikkje minst sidan eg taut mykje om dette i går...) passerte den ca 17 m i diameter store asteroiden med det vakre navnet 2012-TC4, oss kl 05:42 norsk tid torsdag morgon. Og det gjorde han berre 42 000 km frå oss. D.v s berre ca 1/10 av avstyanden til Månen frå oss.
KLIKK HER for link til videoar, skilderi etc.

Talet på asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for steinen me bur på, har stege ein god del dei site månadane, og er no oppe i 1843. Dei er alle over 100 m i diameter.
Men ingen av dei har kurs mot oss her og no.

Asteroidar "flyg" forbi oss som reine kråkeflokken frå og med no og ut oktober; i alt 10 stk, og ikkje mindre enn tre av dei passerer oss i dag fredag.

Storleiken er frå 15 til 677 m i diameter, men dei fèr forbi oss på betryggjande avstand. Farten frå 7,2 til 24,5 km/sek. (26 - 88 000 km/timen)

Det er verre med dei som kjem mot oss med sola i "ryggen", sidan dei er omtrent umogelege å oppdaga før dei eventuelt tørnar inn i atmosfæren med bulder og brak slik den i Chelyabinsk i Russland den 15. februar 2013. Den hadde ein fart på 60 - 69 000 km/timen og var ca 20 m i diameter. Han eksploderte omlag 2 - 3 gonger høgare oppe enn der passasjerflya flyg (29,7 km eller 97 000 fot oppe i atmosfæren), der me til vanleg ser nordlys og stjerneskòt. Likevel førte trykkbylgja frå eksplosjonen til skade på 7 200 bygningar og 1500 personar måtte søkje legehjelp, hovudsakeleg for skader etter å ha blitt truffne av glas frå knuste vindaugsruter. Sjå video HER.




ROMVÉRMELDING FOR JORDA OG DALSTROKA INNAFOR FRÅ 05.09 OG DEI NÆRASTE DAGANE FRAMOVER

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Mon, September 04, 2017 23:34:44

SOLA


Ein solflekk har på berre nokre dagar vokse seg svært stor. Biletet under er teke av Maximilian Teodorescu frå Romania, og det syner intenst varme plassmastraumar i solflekken.


Det kan tyde på at ein større eksplosjon er i vente, - og solflekken peikar beint mot oss jordbuarar.
Storleiken er slik at det er plass til ein del jordklodar i han.

Vert det takk og farvel til DAB- radioen alt no ? Truleg ikkje, men eg har i nokre år åtvara mot innføring av DAB med tanke på kva som skjer om Jorda vert truffen av ein solstorm. Kan ikkje sei eg har fått truverdig garanti frå DAB- ekspertar om fylgjene. I eit høve kor eg stilte dette spørsmålet, fekk eg til svar at «jo det betimeleg med DAB og solstorm».

Eg er redd DAB då pakkar saman stort sett for godt, eller for ei tid, og eg spør meg korleis me då skal verte varsla i fall naturkatastrofe, terror eller krig.

Og eg er langt frå den einaste som uroar meg over dette. Ein professor i radiobylgjer som eg kontakta alt i 2014, er heller ikkje overtydd om at DAB er uproblematisk om me vert treft av ein solstorm.

Nå vel attende til solflekken; I fall det skjer ein CME eksplosjon vert han vel truleg ikkje så kraftig at me vert råka av så kraftig solstorm at det får fylgjer for elektriske og elektroniske instalasjonar på Jorda,

Har skrive mykje på desse sidene tidligare om solstormar og CME- eksplosjonar på Sola.


ASTEROIDAR

Dei kjem tett som hagl innover i nabolaget vårt framover, men ingen store er nærgåande.

Derimot har det nyleg passert mindre nær oss. Éin av dei i mindre avstand enn avstanden til Månen, og i byrjinga av oktober kjem ein så nær at han vil rote til hårsveisen vår. Eg kjem attende til han når det nærmar seg.

Det er for tida 1803 asteroidar som utgjer ei potensiell kolisjonsfåre for Jorda.







Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 05.12 og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sun, December 04, 2016 22:02:41

Veldig lenge sidan eg har kome med romvérmelding. Godt at andre enn eg held auga med kva som skjer der ute....

SOLA

Enormt koronalt hól har opna seg grunna magnetiske tilhøve på Sola (it's complicated...). Solvind, I form av lada partiklar, strøymer ut og vil treffe området nær 3rd Stone from Sun (alstå Jorda) om nokre dagar. Resultate vert truleg auka nordlysaktivitet når partiklane tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt om lag 83km over oss.

Skilderiet under er frå NASA sitt Solar Dynamics Observatory, og teke i dag Sundag 4.12. I fall nokon skulle undra seg over kvifor det er komen hav på Sola, kan eg opplyse om at det er nytta ekstremt ultrafiolett filter for lettare å sjå gassoverflata.

Elles sleng det eit par solflekker rundt omkring som meir eller mindre peikar mot oss, men resultate for CME- eksplosjonar med påfylgjande fåre for å få trengt ein solstorm i trynet for oss Jordbuarar er minimal.

(CME- eksplosjon: Har utgreid mykje om dette før. Søk [på sida], og du skal finne).

Elles er det roleg på stjerna vår...(Alltid like festleg å bruke adverbet "roleg" for ei stjerne der 600 millionar tonn hydrogen vert omdanna til 595 millionar tonn helium kvar einaste sekund, og som,- dersom verdsrommet kunne transportere lydbylgjer,- på Jorda ville høyrast ut som om me stod 100 m frå eit jetfly som tar av.
Sjølv om Sola befinn seg om lag 150 millionar km frå oss.

Kan hende nokon lurer på kvar dei resterande 5 millionar tonn vart av...? Dei forsvinn ut i evigheita som ulike formar for stråling; varme og lys er dei me merkar mest til sidan dei held livet på kloden vår i gang, men også fælslege strålingsformer fér ut frå Sola.
Merk at berre ein ørliten bit av dei 5 millionar tonna treff Jorda, då utstrålinga gjeld heile Sol- kula.

ASTEROIDAR
kjem tett som hagl gjennom heile desember. Men berre nokre av dei er noko nærgåande, d.v.s at dei passerer oss i avstandar frå 1,5 til 4,2 x middelavstanden til Månen.

Frå 22.12 passere nokre digre beist oss med dioameter 1 til 2,8 km, men lukkelegvis laaangt ute.

Dermed er det ikkje sagt at det ikkje kan kom ein liten trave som frekt susar gjennom observasjionsnettet i 50 000 km/t utan å gje oss beskjed på førehand. Slikt skjer nokre gonger i året. Dei pleier sneie hårstussen vår, eventuelt treffe atmosfæren og eksplodere som i Russland i 2014.
Dette til trøyst......

ASTEROIDAR som utgjer ei potensiel fåre
for oss har no stege til 1740, men ingen av dei er på veg mot oss i skrivande stund.....

ROMVÉRET RUNDT JORDA OG DALSTROKA INNAFOR F.O.M 14. AUGUST OG DEI NÆRMASTE DAGANE FRAMOVER.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Mon, August 15, 2016 00:29:51

Det er ei stund sidan eg har skrive noko her. Travelt. Men her kjem ei oppdatering.

SOLA
Ein del solflekker vender mot oss på framsida, men dei er tilsynelatande ikkje ustabile og finn truleg ikkje på noko tull som å slenge mot oss ein solstorm.

METEORSVERMEN PERSEIDENE susar me gjennom i desse dagar. Du kan lese meir on han under her.

ASTEROIDAR som utgjer ei potensiel fåre for Jorda, og i verste fall vår framtidige eksistens, har auka ein del, og er no opp ei 1722.
Men ingen av dei har for tida kurs mot steinen me bur på.

Det er heller ingen nærgåande asteroide å sjå i nermaste framtid.
Som vanleg med unnatak av dei små som av og til lurer seg forbi observasjonsmaskane, for så å sneie jordatmosfæren og bli opddaga etter passering....
Eller som skræmer vite av oss ved å dundre inn i atmosfæren vår, og så eksplodere i luftrommet like over oss som meteoritten over Chelyabinsk i Russland den 15. februar 2013.




Romvéret rundt Jorda og dalstroka innafor f.o.m 11. januar og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sun, January 10, 2016 22:48:31

SOLA
tek det stort sett med ro for tida. Men det er interessant å betrakte eit bilete som er teke av Karzaman Ahmad frå Langkawi National Observatory i Malaysia.
Så kan me samanlikna det med eit anna bilete frå SDO/HMI.(Solar Dynamics Observatory,- eit lite romfarty frå NASA som er eit av fleire som observerer Sola 24 timar i døgeret).

Biletet like under her er frå SDO. Det nedanfor frå Karzaman Ahmad.


På biletet øverst ser du blandt andre ein solflekk med "navnet" AR2480.
Same solflekken ser du att på biletet like over her, som den største der.
Så kjem me til slikt som får ein til å føle seg veldig liten i det uendelege universet:
I solflekken du ser er det plass til 2 jordklodar ved sida av kvarandre !

Sola er omlag 1 million x større enn Jorda. Men også stjerna vår vert nermast usynleg samanlikna med dei største stjernene me kjenner til så langt. Til eksempel er Eta Carina som befinn seg 7500 lysår frå oss (Kan du flyge rund jorda nær 8 x i sekundet , tek det deg berre 7500 år å nå fram til ho....)
Eta Carina er 250 x større enn Sola, og skin 1 million x sterkare !

Men det mest dramatiske med denne stjerna er at ho snart kjem til å eksplodere i ein gigantisk Supernova eksplosjon. Eg tykkjer difor det er veldig greit at me befinn oss 7500 lysår frå ho.... "Snart eksplodere" i astronomisk terminologi betyr i denne samanheng i løpet av nokre få hundre tusen år. Altså når som helst,- astronomisk sett. Faktisk så kan ho alt ha eksplodert, om ein har bomma litt på utrekningane,- men lyset frå eksplosjonen skal reise 7500 år før me ser han.
Slik at me i alle fall ikkje ser den gigantiske astronomiske eksplosjonen før 7500 år etter han skjedde.


Under er to bilete av Eta Carina frå Chandra / Harward.



Eta Carina skin blått på grunn av den ekstreme temperaturen på overflata: 40 000 grader C. Til samanlikning er overflatetemperaturen på Sola 5 505 grader C.

Men det er ei enda mykje større stjerne me kjenner til. 9500 lysår ute i det svarte rommet befinn ei raud superkjempe seg: UY Scuti. Ho har ein radius som er 1708 x Sola sin radius. Om ho hadde vore der vår Sola er, ville ho slukt alle planetane kan hende til og med Saturn. Altså ville det frå sentrum inne i denne enorme stjerna og ut til overflata vore plass til Merkur, Venus, Jorda, Mars, Jupiter og Saturn ! Temperaturen er berre ca 3500 grader C,- difor raudfargen. Ho skin likevel svært kraftig.

Under ser du eit bilete som samanliknar UY Scuti med Sola, samt eit anna bilete som viser stjerna.



Biletet er frå Rutherford Observatory, og viser hypergiganten UY Scuti 9500 lysår borte.


ASTEROIDAR

Eg lyt ta med litt om asteroidane også. Det er no 1651 asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for Jorda. Men ingen er på veg mot oss. Ein del paserer oss framover på trygg avstand. Den 15. januar fér ein forbi nokre gonger avstanden til Månen.

CME- eksplosjon på Sola i dag.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Tue, December 29, 2015 00:53:43

Klokka 12:49 UTC (13:49 norsk tid) small det skikkeleg på solsoida som vender mot oss.
Nå vel, small og small,- ingen lyd vert transportert i verdrommet då det ikkje er nokon gass der som kan transportere lyd. Men sidan Sola, dersom me kunne høyre lyden frå ho, lagar like mykje rabalder som om me står 100 m frå eit jetfly under avgang sjølv om ho befinn seg 149 600 000 km frå oss,- ville me nok høyrt eksplosjonen ettertykkjeleg.

I alle fall vart det i 1 time sent ut ekstreme mengder ultrafiolett stråling som traff øvre del av atmosfæren vår 8,2 minutter etter eksplosjonen, sidan slik stråling fér avgårde med lyset si hastigheit som er nær 300 000 km/sek.
Atomar og molekyl i atmosfæren vart ioniserte, som igjen forstyrra radiosamband i delen av kortbylgjeområdet som vert nytta av flytrafikk, sjøtrafikk og amatørradio- operatørar.
Områda der radiosambandet vart forstyrra, eller til tider datt heilt ut, var Sør Amerika, sørlige del av Atlanterhavet og Afrika.

Solstormen som fulgte etter, treff truleg Jorda Nyttårsafta. Han er omlag midt på treet i styrke,- men treff oss truleg rett i trynet.

Fleire eksplosjonar kan kome,- truleg er ingen av dei kraftige nok til å gjere skade på satelittar, elektriske instalasjonar og slikt. Men eit flott Nyttårs- nordlys får me truleg når enorme mengder lada partiklar frå Sola tørnar saman med Jorda sitt forsvarssystem,- magnetfeltet.

NASA's Solar Dynamics Observatory, ein av fleire satelittar som overvakar Sola, tok biletet under av eksplosjonen.



Kort video frå Solar and Heliospheric Obseratory (SOHO) finn du her.

Her kan du halde auge med Sola kontinuerleg.



Next »