Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Romvéret rundt Jorda og dalstroka innafor f.o.m 12. desember og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sat, December 12, 2015 00:56:44

SOLA er det 6 solflekker på sida som peikar mot oss, men ingen ser ut til å ha magnetfelt som kan utløyse kraftige CME- eksplosjonar.
(Har nokon på Vestlandet sett Sola i det siste........ ?)

Når det gjeld ASTEROIDAR, har antal slike som kan utgjere ei fåre for Jorda auka ein del sidan sist, og er no oppe i 1640.
Det passerer asteroidar kvar dag frå 9. til 15. desember,- så éin den 19. og to til på Julafta.
Tre av dei passerer eit sykke utanfor Månen sin bane, dei andre langt ute.


METEORSVERMEN GEMINIDENE vert vist fin i år. Har lest at ein kan rekne rundt 120 stjerneskót i timen i nettene 13. og 14. Men ein ser ofte i nettene rundt "topppunkta" også.
Det var dette med overskya vér.....
KLIKK HER for kart eg har lagt ut som syner kvar du skal sjå etter dei.
Du ser stjerna Sirius heilt nederst i billedkanten. Ho ser du også svært tydeleg i sør no i desember. Skin 4. klårast av alle himmelobjekt etter Sola, Månen og Venus.
Sirius er ei sol / stjerne, og funklar / blenkjer som alle andre stjerner.

Stjerneskóta ser ut til å stråle ut frå stjernebiletet Gemini (Tvillingane) som du ser oppe i biletet,- difor navnet.


KOMETEN CATALINA ser du lett heile veka om du har kikert eller teleskop, men skyene må vekk ! Veldig lett å sjå om morgonen. Venus skin svært sterkt på denne tida av året,- i aust om morgonen. Kometen ser du rett til venstre for Venus.(Planet = skin med "fast" lys). Sjå bilete under teke av Fritz Helmut Hemmerich den December 9, 2015 på Tenerife, Kanariøyane.

HER har eg teikna inn kvar kometen befinn seg rundt kl 7 om morgonen i Sør- sør- aust fram til Nytt År.


ESPAÑOL

Hay 6 manchas solares en EL SOL. Ninguna tendra suficiente potencia para causar tormentas solares.

De ASTEROIDES hay bastantes pasandonos estos días. Cada día desde el 9 hasta el día 15. Luego otro el 19 y dos el 24. Los del 13,14 y 15 pasaran un poco más lejos que el orbito de la Luna. Los otros lejos.

Número de asteroides cuales muestran un peligro potencial para la Tierra ha subido bastante el último tiempo, a 1640.

Nube de METEORITOS GEMINIDES sera una vista bonita con maxima intesidad 13 a 14 de Deciembre, cuando uno pueden ver hasta 120 meteoritos la hora.
Tienen ese nombre como parece que salen de la constelación Gemini.
Mira mi mapa aqui.

El COMETA CATALINA se ve muy bonito esta semana con uso de por lo menos binoculares. Es fácil buscarlo ya que se ve a la izquierda de planeta Venus por la madrugada si miras hacía el este.
Venus es brillante ahora. Como se trata de un planeta, brilla con luz fija.
La foto arriba esta hecha en Tenerife el día 9 de Deciembre de Fritz Helmut Hemmerich.

Aquí he hecho un imagen que muestra donde se ve el cometa hasta el Año Nuevo.









Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 22. november og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sat, November 21, 2015 22:53:02

SOLA: Inn i ein roleg periode att med svært få solflekkar.

ASTEROIDAR: For n'te gong sneik ein liten og til no ukjend asteroide seg innpå oss den 15. november. Diameteren var berre 7m, så han ville nok eksplodert i atmosfæren om han kom rett på oss. Farten var 62 739 km/t. Men eg trur det er den nermaste asteroidepasseringa til no i år: Berre 34 596 km frå oss. Det er kun 0,09 x avstanden til Månen !

Enda ein høveleg nærgåande kjem til å svinse rundt oss frå 22. til 24. november. Han vil passere på det nermaste tirsdag den 24. november med 326 724 km,- noko som vil sei omlag i same avstand som frå Jorda til Månen sin bane. Han er heller saktegåande i astronomisk terminologi med "kun" 13 140 km/t. Diameteren er også på denne 7m.

Det er for tida 1634 asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for oss jordbuarar.

---------------------------------------------------------------------
ESPAÑOL

EL SOL: Entra un periodo tranquilo con muy pocas manchas solares.

ASTEROIDES: Otro todavía nos ha pasado cercisimo,- actualmente el más cerca hasta ahora este año con solo 0.09 vézes la distancia Tierra - Luna,- o sea 34 596 km.
Diametro 7 m, así que hubiera explotado al entrar la atmósfera nuestra si eso hubiera occurido. Velocidad: 62 739 km/h.

Otro nos pasara entre el 21 y el 24 de Noviembre. Estara a lo más cerca el 24 cuando tendra una distancia igual el orbito de la Luna,- 326 724 km. Diametro 7m en este también, pero en terminos astronomicos es muy"lento" con sus 13 140 km/h.

El número de asteroides cuales muestran un peligro potencial para nosotros los terestres ha aumentado a 1634.


Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 10. november og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Tue, November 10, 2015 01:33:54
Det går ei stund mellom kvar romvérmelding for tida, men eg held eit auga med da der ute,- og gjev beskjed når de må søkje dekning smiley

SOLA: Etter ein roleg periode på stjerna vår, er det no meir "liv".
(I den grad det kan kallast for "roleg" på "ein stad" der 600 millionar tonn hydrogen vert omskapt til 596 millionar tonn helium kvart einaste sekund,- ein prosess som ville lage slikt spetakkel dersom verdsrommet kunne transportere lyd, at det for oss her på Jorda ville vere som å stå 100m frå eit jetfly under avgang ! Sjølv om Sola er rundt 150 millionar km frå oss).
Nå vel,- for tida er det 5 solflekkar, og 4 av dei er i ferd med omtrentleg å sikte seg inn på oss. Ein av dei ekspolderte i ein ganske kraftig (men for oss ufarleg) CME eksplosjon på fredag, og slengde i det høve avgårde ei sky av plasma og lada partiklar ut i verdsrommet.
CME= Coronal Mass Ejection som eg har skrive detaljert om før. Slike skyer av lada partiklar vert kalla solstormar, og dei kan ha ein fart på frå nokre få hundre km / sek til nær lyset sin hastigheit i ekstreme høve,- altså opp i mot 300 000 km/sek.

Som før sagt, er dei kraftige nok og treff oss mitt i tryne, kan dei slå ut kraftverk, øydeleggje satelittar, navigasjonsutstyr og vere direkte fårlege for astronautar i rommet.
I vår tekniske tid, kan ein kraftig solstorm som treff Jorda skape enorme problem om elektroniske installasjoinar verte øydelagde. Dessuten kan radiosamband dette ut.
Det er ein av grunnane til at Sola vert nøye overvaka 24 timar i døgeret både frå fleire satelittar i samarbeid mellom nasjonar, og frå solobservatorie på Jorda.

Klikk her så ser du ein CME- eksplosjon frå 14.10.2014 filma av dei to solobservasjonssatelittane STEREO A og B. A = Ahead (framføre Sola) og B = Behind (bak Sola). Solskiva er tildekka, elles ville ein ikkje sett noko som helst p.g.a lyset. Like til høgre for Sola ser du Venus.

ASTEROIDAR er det no 1633 av som utgjer ei potensiell fåre for oss Jordbuarar. Men ingen av dei har kurs mot oss no. Kollisjonar med andre asteroidar er hendingar som kan gjere at dei endrar kurs.
Slike som den etter måten store, seint oppdaga og nærgåande ( og enormt raske ! ) asteroiden som eg skreiv om under her i slutten av oktober, vil me ikkje ha for tett på oss !

Igjen har ein liten luring sneke seg umerka innpå oss. Det skjedde den 5. november. Diameteren er berre 10m, men han passerte oss på førehand uoppdaga godt innanfor banen til Månen. Berre 0,7 x avstanden til Månen. Farten var 77 000 km/t. Om han hadde kome inn i Jorda sin atmosfære, ville han nok eksplodert før han traff bakken / havet grunna den vesle diameteren. Men som me såg frå Russland i fjor, merkast slikt noko .....


11.11.2015 - OPPDATERING

SVÆRT NÆRGÅANDE ASTEROIDE
: No syner det seg at enda ein luring sneik seg innpå oss den 6. november. Diametern var berre 3m. Hastigheit: 16 747 km/t. Avstanden frå Jorda på det nermaste var berre 0,3 x avstanden til Månen. Det er berre 100 364 km frå oss.

SOLA har verkelg vakna frå "dvalen" ho hadde nokre veker.
Sist mandag (den 9.) vart det observert ein CME eksplosjon frå ein solflekk litt til venstre for midten av solskiva. Dermed treff han ikkje oss direkte. Styrken var M3 = lågare del av mellomkraftig eksplosjon. Du kan sjå eksplosjonen her. Filma av OHO = The Solar and Heliospheric Observatory.
Objektet du ser til høgre for Sola er planeten Merkur.

SOHO er ei sammarbeid mellom ESA / Den Europeiske Romfartsorganiosasjonen og NASA / Den Amerikanske Romfartsorganisasjonen.
Det er ein satelitt som vart skóten opp den 2. desember 1995, som spelar ein stor rolle når det gjeld å forutsei romvéret. Det gjer han ved å observe mellom anna solaktiviteten på ulike måtar.

Her ser du SOHO:

SA









Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 20. september og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sun, September 20, 2015 22:39:43
SOLA
Stjerna vår slengde avgårde ein mindre solstorm mot oss etter ein CME eksplosjon på Sola den 18. september.
Klikk her så ser du eksplosjonen og solstorm- skya som fór mot oss.
Ein del nordlys vart observert då han traff magentfeltet rundt Jorda i natt som var / tidleg sundag morgon.

ASTEROIDAR
Eg ligg ein del etter hendingane. Sidan 13 september og fram til i dag den 20. har det omtrent hagla med mindre asteroidar rundt kloden vår,- om enn ikkje av dei mest nærgåande. Avstanden har vore 2,1 til 4,2 x avstanden til Månen for 5 av dei. Dertil tre til som har passert oss lengre ute.

Antalet asteroidar som kan treffe oss om dei vert forstyrra i banen sin (som for eksempel ved kolisjon med andre asteroidar) har stege til 1611.


E S P A Ñ O L

EL SOL
Nuestra estrella nos mandó una tormenta solar después de una explocion menor CME el día 18.
AQUÍ se ve la explocion y la nube CME que choqueó con la capa magnética terrestre por la madrugada el Dómingo. En algunas lugares en el hemisferio norte vieron aurora borealis por eso.

ASTEROIDES
Bueno, llego trade con las noticias. Nos han pasado varios asteroides desde el día 13 hasta hoy el día 20. 5 de ellos pasaron bastante cerca desde 2,1 hasta 4,2 x la distancia al la Luna. Había 3 más cuales nos pasaron mas lejos.

El número de asteroides cuales muestran un peligro potencial para la Tierra (si su orbito estara afectado de por ejemplo un choque entre dos asteroides), ya ha subido a 1611.




Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 11. september og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Thu, September 10, 2015 23:41:04
SOLA
To enorme koronale hól har opna seg på stjerna vår, og frå dei strøymer solvind ut i verdsrommet. Koronale hól er magnetfelt som oppstår frå tid til annan ved at magnetfeltet opnar seg ut mot verdsrommet. Dei ser mørke / svarte ut. Dei er ikkje akkurat kalde av den grunn,- temperaturen i dei er ca 4000 grader mot 5500 grader på Sola si overflate. I Sola si korona (strålinga rundt Sola) er temperaturen mykje høgare: Rundt 1 million grader ! Koronale hól ser altså myrke ut av di temperaturen i dei er lågare enn kva han er på overflata elles og i koronaen.

Solvinden frå desse hóla er lada partiklar. Den delen av solvinden som treff Jorda sin atmosfære skapar ofte nordlys. Solstorm er noko anna. Han oppstår, som ofte forklåra her, når voldsome eksplosjonar oppstår på Sola,- såkalla CME (Coronal Mass Ejection) eksplosjonar. Under solvind kan hastigheten på partiklane vere rundt 400 km/sek. Men under CME eksplosjonar aukar både mengda av partiklar og hastigheita voldsomt. Over 3000 km/sek er målt. Treff ein slik solstorm Jorda direkte, kan det føre til store problem sidan me nyttar så mykje elektronisk basert utstyr. Strålinga kan vere fårleg for astronautar, og dei kan øydeleggje satelittar. Mellom anna av desse grunnane vert Sola overvaka frå mange hald 24 timar i døgeret.

ASTEROIDAR
Antalet asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for Jorda har i dag auka til 1608. Men ingen har kurs mot Jorda her og no.

Fleire passerer oss i vekene som kjem, men ingen i nærområdet. Den 14. september fér ein forbi i ein avstand av 8,7 x avstanden til Månen. Diameteren er 22 m, og farten 28 800 km/t.

Men så kan det jo hende at det kjem ein liten luring snikande innpå oss umerka, før han i nokre 10 000 km/t vert oppdaga etter å ha passert oss så nær at han i astronomisk terminologi rotar til hårsveisen vår. D.v.s at han passerer Jorda berre ein brøkdel av avstanden til Månen.

Under er eit bilete av Sola teke i dag torsdag 10. september av SDO / AIA. Du ser lett dei enorme koronale hóla som har opna seg. Ein forstår storleiken om ein hugsar at Sola er 1 million x større enn Jorda. SDO = Solar Dynamics Observatory / NASA


ESPAŇOL
No tengo tiempo para escribirlo en español ahora mismo. Vendra :)

Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 31. august og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sun, August 30, 2015 23:47:10
SOLA
Ein diger solflekk er i ferd med å forsvinne på høgre sida av solskiva. To mindre nermar seg midten, men dei kjem neppe til å finne på noko tull. Elles "roleg" på Sola.

(Like morosamt kvar gong eg skriv det...prosessane på Sola lagar slikt spetakkel at om verdsrommet kunne transportere lyd, ville lydnivået for oss her på Jorda,- trass avstanden på ca. 149 600 000 km,- høyrast ut som om me stod berre 100 m frå eit jetfly som tek av).

SOLA åt forresten opp ein liten komet sist fredag. SJå video frå ESA / NASA / SOHO her.
Du ser kometen kome mot Sola frå kl 4 på skiva, om du tenkjer ho som ei urskive.


ASTEROIDAR
Talet på asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for oss har no stege til 1607, men ingen nærgåande har meldt seg dei fyrste dagane. Den 4. september passerer ein stor med diameter 1,4 km oss, men laaaangt ute. 62,1 x avstanden til Månen. Farten er 68 184 km/t.


ESPAÑOL

EL SOL
Un mancha solar grande esta desapareciendo a la derecha del Sol. Hay dos más que se cerca el centro, pero no intentaran hacer algo que no deben hacer.....suponemos.
Por eso todo es tranquilo en nuestra estrella, el Sol.

(Y como he escrito muchas vézes, siempre me da gracia escribir que todo es "tranquilo" allí,- especialmente si piensas que el ruido que produce el Sol se hubiera escuchado en la Tierra como si uno esta 100m de un avión jet despegandose. Eso si el espacio pudria transportar sonido,- aunqué la distancia entre el Sol y la Tierra es ca de 149 600 000 km).

El Sol se comió un cometa pequeño el Viernes pasado. Mira el video de ESA / NASA / SOHO aquí. Se ve el cometa llegar desde las 4 si te imaginas que el disco es un reloj.


ASTEROIDES
La cantidad de asteroides que muestran un peligro poptencial para nosotros ha aumentado ya a 1607. Ninguno nos pasara cerca los días que vienen...........por lo que sabemos .....
Hay un grande con diametro de 1,4 km que pasara el 4 de Septiembre en una distancia segura: 62,1 vézes la dist. a la Luna. Velocidad: 68 184 km/h.

Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 18. august og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Tue, August 18, 2015 00:35:26

SOLA: Bere to solflekkar som oppfører seg fint.

ASTEROIDAR: Talet på asteroidar som utgjer ei potensiel fare for Jorda har auka til 1605.
Ingen nærgåande dei fyrste vekene,- av dei ein kjenner til ....

PLUTO: Videoar etc frå New Horizon- sonden sin tur tett på Pluto og vidare ut i evigheita. Klikk her !




ESPAŇOL:

EL SOL: Solo dos manchas solares que se comportan.

ASTEROIDES: La cantidad de asteroides que muestran un peligro potencial por la Tierra, ha aumentado a 1605.
Pero ninguno cerca de nosotros las primeras semanas....de ellos que sabemos existen ...

PLUTO: Videos etc del satelite New Horizon y su visita a Pluto. Ahora sigue a un espacio sin fin. Aquí !











Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 10. august og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Sun, August 09, 2015 22:44:58

Rundt 2 mnd sidan siste oppdatering,- men eg har fylgt med der ute :)

SOLA: Ein diger solflekk peikar rett mot oss. Han har nok energi til å sende ein skikkeleg solstorm mot oss, men så langt hat det ikkje skjedd noko. Elles har de i lang tid vore roleg på stjerna vår. "Roleg" i astronomisk samanheng ....

ASTEROIDAR: Sist torsdag (6. august) vart me nesten treft av ein liten asteroide med diameter på 10 m. I ein fart av 61 200 km/t passerte han berre 76 880 km frå Jorda som er 0,2 x avstanden til Månen. Det tyder at han med kurs rett mot oss ville teke 1:15 min på å treffe oss, og frå han kom inn i atmosfæren til det small på jordoverflata mindre enn 5 sekund. Men truleg vil ein asteroide på 10 m eksplodere kort etter at han kjem inn i atmosfæren.

Frå no og ut august passerer ein del store asteroidar med diameter mellom 1 og 2 km, men på lang avstand.

METEORSVERM: Jorda passerer no gjennom restane etter to kometar. Den eine svermen er Dei Sørlege Delta Aquaridene som me fér gjennom i tidsrommet 12. juli til 19. august.
Ein kan sjå 20 stjerneskót i timen.

Den andre, Perseidene, er kjende for flotte stjerneskót,- opp til 100 i timen med topp den 11 og 12 august.

Sjå under der eg har merka av kvar du skal sjå.

Du ser over at meteorittane strøymer ut frå stjernebiletet Perseus. Derav navnet, sjølv om dei i realiteten ikkje har noko forbindelse med stjerneen i Perseus som er mange lysår borte.Like utanfor billedkanten til høgre kjem den andre svermen frå,- Sydlege Delta Aquaridene. For begge sjå mot aust rundt kl 23. Dei flyttar seg mot syd der dei er i 5 - tida om morgonen. // ESPAŇOL: Como ves arriba los meteoritos salen de la constelación Perseus. Por eso el nomre, aunqué no tienen nada que ver con las estrellas de Perseus cuales son varios años luzes de la Tierra. Justo a la derecha donde no se ve en esta imagen, salen la otra nube de meteoritos. Para ver las dos mira hacía el este sobre 23 de lanoche. Se mueven hacía al sür donde estaran por la madrugada a las 5.




-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

ESPAÑOL

EL SOL: Una mancha solar enorme esta puntada directamente hacía nosotros, y con potencia para mandarnos una tormenta solar bastante fuerte. Sin embargo ha sido tranquilo en el Sol durante semanas, y parece que sigie así (?) "Tranquilo" quiere decir en términos astronómicos....

ASTEROIDES: Nos casi choqueó uno el día 6 de Agusto. Diametro 10 m y velocidad 61 200 km/h. Nos pasó, sin avisarnos antemano, en una distancia de solo 0,2 la distancia a la Luna o sea alrededor de 76 880 km.
Con esa velocidad y la distancia en trayecto directo hacía nosotros hubiera tardado 1:15 hora para choquear con la Tierra. O para divertirnos más con esto,- desde entrar en la atmósfera hasta choquear con le superfucie hubiera tardado menos que 5 segundos.

Pero probablemente hubiera sido estropeado en una exploción poco despues de entar la atmósfera terestial.

Desde ahora hasta el fin de Agusto pasaran varios asteroides con diametro desde 1 a 2 km, pero muy lejos.

NUBE DE METEORITOS: Estos días pasamos dentro de dos nubes de meteoritos. Los Delta Aquarides desde 12 de Julio hasta 19 de Agusto. Con suerte se ve hasta 20 meteoritos al minuto.

Más fama tienen los Perseides con tope el 11 y 12 de Agusto cuando podemos ver hasta 100 meteoritos al minuto.

Mira la imagen arriba para ver desde donde salen.







« PreviousNext »