Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Om véret i verdsrommet

ASTRONOMIPosted by Harald Mon, December 24, 2012 01:44:50

Frametter vil eg legge ut ei vérmelding. Ikkje véret slik det vanlegvis vert meddelt oss, men véret i verdsrommet rundt Jorda og dalstrøka innanfor :) Altså det lokale rom- véret, eller astro- véret om du vil.

Er det vér ute i verdsrommet ? I massevis ! Men ikkje slik me kjenner véret under atmosfæren. Rom- vér er det mykje av nær alle stjerner, og sidan vår sol er ei av eit ubegripeleg stort antal stjerner i rommet, er det også romvér utanfår nåvo vår :)

Rom- véret vert til av aktiviteten på Sola. Sjølv om vår stjerne er langtfrå blandt dei største, og dertil heller smålåten i høve til andre bråkebøtter av nokre stjerner der ute, kvesser ho seg ca kvart 11. år og slenger ut både det eine og det andre i ulike retningar,- også mot Jorda. Nett no ved slutten av 2012 nærmar Sola seg toppaktiviteten i denne 11- års perioden. Truleg vil me i året som kjem merke at det foregår ein del halais'n i sjalabais'n og sudelidu på stjerna vår.

Mykje av årsaka til dette er SOLFLEKKENE. Dei er felt som oppstår grunna intens magnetisk aktivitet, og ein kan sjå dei som mørke flekkar i det øverste laget på Sola. Grunnen til at dei verkar svarte, er at temperaturen i solflekkane er 3000 til 4500 grader medan soloverflata elles ligg på ca 6000 grader. Difor verkar dei mørke, enda dei ville skine lysare enn lyset under sveising om ein kunne sjå dei utan soloverflata !

Solflekkene fører ofte til kraftig oppflamming i området rundt, og energien som vert utløyst kan være så enorm at den tilsvarar 160,000,000,000 megaton TNT. Ein ser dette i form av voldsome lysbogar som slyng seg opp i solatmosfæren,- mange gonger storleiken på Jorda,- og ned att. Lysbogane kjem seg av at gravitasjonskreftene på Sola dreg partiklane ned att.

Men er utbrotet kraftig nok, er ikkje gravitasjonskreftene på Sola sterke nok til å dra partiklane ned mot "overflata" att. Det kjem då ei kolosal, kortvarig utløysing av elektronar, ionar og atomar som med ein fart på over 3,5 millionar km/t vert sent gjennom solkoronaen og ut i verdsrommet som ei sky. Dette fenomenet vert på engelsk kalla CME som står for CORONAL MAS EJECTION. Dersom staden der dette skjer på Sola er vendt mot Jorda, vert ei slik sky sent mot oss. Du har sikkert høyrt ordet solstorm.

Grunnen til at desse flekkene verkar svarte, er at dei magnetiske kreftene hindrar ein del av varmen å strøyme ut frå dei indre laga av sola.

KORONALE HOL ( Coronal holes) er eit anna fenomen. Ein ser dei med røntkenteleskop. Dei har rundt 100 x mindre tettheit enn områda rundt,- og partiklane kan i staden strøyme ut i rommet frå slike "hol" over eit lengre tidsrom som solvind, og altså mindre dramatisk enn CME-stormskyene forklart over. Desse "hola" held seg rundt polane på Sola under mindre aktive periodar, men vandrar rundt over alt i dei aktive periodane. Sjå lenger nede om 11- års syklusen.

Mesteparten av tida er solvinden svak, og har ingen effekt på planeten vår. Stig den til medium, kan den være farleg for astronautar som oppheld seg utanfor romfartyet, som til dømes dei som jobbar på den Internasjonale Romstasjonen ISS. Dette grunna strålinga solvinden har med seg.

Men kraftige solstormar oppstår no og då i perioden kor Sola er i den mest aktive fasen i 11 års perioden. Den kan solstormar i ytterste konsekvens føre til kortslutning i straumsystem på Jorda, den kan skape problem for satelittane og dermed for navigasjonssystem som GPS og andre,- og forårsake svikt i kommunikasjonen grunna atmosfæriske forstyrelsar.

Når kraftige solstormar treff oss, vert det spektakulært nordlys som oppstår då dei lada partiklane frå Sola koliderer med magnetfeltet rundt Jorda rundt 80 – 120 km over Jorda.

Me er sårbare for slikt no for tida, då me er så avhengige av straum og anna teknologi. Difor vert Sola kontinuerlig overvaka av satelittar som kretsar rundt ho, og av observatorium fleire stadar på Jorda.

Sidan solstormen brukar ein til tre dagar på å nå Jorda, kan dei varslast så fort ein ser slike voldsome utladningar på Sola. Dermed kan tiltak setjast i gang for å hindre skade på satelittar og utsette instalasjonar på Jorda.

Det er dette véret eg vil varsle framover. Dertil skal eg varsle meteorsvermar (stjerneskudd), og orientere om asterioidar som fér forbi kloden vår.

NB! SJÅ ALLDRI MOT SOLA UTAN SOLFILTER,- DU KAN BLI BLIND ! Spør etter utstyr i ein optisk forretning, eller bruk kraftig sota glas.