Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Vedhenting frå skut'n i førjulstida 2014.

KåseriPosted by Harald Sat, December 20, 2014 02:47:22
Så set ein her i førjulsnatta,- skjelvande av otte og gøymer seg for lynet som rett som det er snik seg rundt nåvene på jakt etter noko å bite seg fast i.
I staden for at mjuke snødun lett dryssar ned i hovudet vårt for slik å lage julestemning, smell knallharde hagl loddrett gjennom tak og vegger,- eller kjem rasande med 290 km/t i horisontalplanet med kastevindane. Snakk om julestemning !

Eg tykkjer synd på kallen som lenge har stått og glytt i døropninga for å sjå om høljeregnet lettar litt, slik at ein kan kome seg bort i skut'n etter nokre veaskier før neste tsunami kjem.
Det ser ut til å lette litt, og han piler avgårde i fjósstøvlane bortover fjósvegen i retning skut'n.
Men når stakkaren har føta seg om lag halvvegs, opnar dei der oppe brått alle slusene med eit «La gå, kara !» som om heile Tjosfossen ved Flåmsbana kjem deisandes ned samla saman i ein ofseleg stor sølepytt som treff vedhentaren rett i planet'n så han geispar etter luft og slik gapandes snubblar seg inn i skut'n der han sig utmatta saman på dørken.
Fjósrottene der inne, som så smått hadde funne Julefred, vert ofseleg fælne av dette gapandes utysje som dett inn døra då dei trur det vil gløype dei,- og fér til alle kantar så fort tøflene kan bere dei.
Med dette vert Blakken uroa også. Han står parkert i stallen. Med si vanlege sinsro funderte han nett på om han sku ete litt turrhøy, eller om han heller like godt sku hive innpå ein neve havre.
Men like før han dreg den endelege konklusjonen, kjem alle fjósrottene setjandes for å søkje trøyst og skjul under krybba. Dermed lyt han utsetje avgjerdsla intil vidare..

Nede i skut'n har vedhentaren fått samla seg nok til at han får fylt vedkorga. Han pakkar seg inn i vadmelsbusserullen, tek på seg vottane, mopedhjelmen, svelgjer eit par gonger og set så kursen tappert ut att i vintermyrke, lyn, hagl og klimaendringar med full storm i kasta.
Med plirande auge skrevar han seg breibeint bortover fjósvegen mot heimen der Juleskinande vindauge lokkar han til seg som eit Soria Moria- slott.........før det brått blinkar til med eit brak som om Dovre kjem veltande innover Knøsesmuget i Bergen....og gjer alle vindauga like svarte som tomrommet mellom Oort- skya og Den Lille Magelanske Sky.

Kallen tok ikkje med seg lommaljos, og held fram med (u)stø kurs i retning der han meiner heimen ligg i bekmyrkre. Og etter mykje pusting og pesing, skallar han endeleg mopedhjelmen inn i bislagsveggen så flisa fyk. Konemor høyrer braket, kjem til og bergar han innomhus rett før neste lyn
hyler rundt furutoppane like ved.

Med vedskiene i hus, får dei kveikt eld i ovenen og sett Kaffilars over.
Og litt etter kosar dei seg (etter måten) med kaffiskvett og skiver med smør og gamalost på frå heimebaka brød.
Ute rasar klimaendringane for fullt, men borte i stallen har Blakken funne roen att og tygg havre så det knakar heilt fram til fjósrottene sin Julefred nede i skut'n.