Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 11. september og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Thu, September 10, 2015 23:41:04
SOLA
To enorme koronale hól har opna seg på stjerna vår, og frå dei strøymer solvind ut i verdsrommet. Koronale hól er magnetfelt som oppstår frå tid til annan ved at magnetfeltet opnar seg ut mot verdsrommet. Dei ser mørke / svarte ut. Dei er ikkje akkurat kalde av den grunn,- temperaturen i dei er ca 4000 grader mot 5500 grader på Sola si overflate. I Sola si korona (strålinga rundt Sola) er temperaturen mykje høgare: Rundt 1 million grader ! Koronale hól ser altså myrke ut av di temperaturen i dei er lågare enn kva han er på overflata elles og i koronaen.

Solvinden frå desse hóla er lada partiklar. Den delen av solvinden som treff Jorda sin atmosfære skapar ofte nordlys. Solstorm er noko anna. Han oppstår, som ofte forklåra her, når voldsome eksplosjonar oppstår på Sola,- såkalla CME (Coronal Mass Ejection) eksplosjonar. Under solvind kan hastigheten på partiklane vere rundt 400 km/sek. Men under CME eksplosjonar aukar både mengda av partiklar og hastigheita voldsomt. Over 3000 km/sek er målt. Treff ein slik solstorm Jorda direkte, kan det føre til store problem sidan me nyttar så mykje elektronisk basert utstyr. Strålinga kan vere fårleg for astronautar, og dei kan øydeleggje satelittar. Mellom anna av desse grunnane vert Sola overvaka frå mange hald 24 timar i døgeret.

ASTEROIDAR
Antalet asteroidar som utgjer ei potensiel fåre for Jorda har i dag auka til 1608. Men ingen har kurs mot Jorda her og no.

Fleire passerer oss i vekene som kjem, men ingen i nærområdet. Den 14. september fér ein forbi i ein avstand av 8,7 x avstanden til Månen. Diameteren er 22 m, og farten 28 800 km/t.

Men så kan det jo hende at det kjem ein liten luring snikande innpå oss umerka, før han i nokre 10 000 km/t vert oppdaga etter å ha passert oss så nær at han i astronomisk terminologi rotar til hårsveisen vår. D.v.s at han passerer Jorda berre ein brøkdel av avstanden til Månen.

Under er eit bilete av Sola teke i dag torsdag 10. september av SDO / AIA. Du ser lett dei enorme koronale hóla som har opna seg. Ein forstår storleiken om ein hugsar at Sola er 1 million x større enn Jorda. SDO = Solar Dynamics Observatory / NASA


ESPAŇOL
No tengo tiempo para escribirlo en español ahora mismo. Vendra :)