Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Den kinesiske og den internasjonale romstasjonen sett frå Jorda på same tid

ASTRONOMIPosted by Harald Mon, December 31, 2012 15:27:21

På biletet under ser du både den kinesiske og den internasjonale romstasjonen samstundes passere høgt over Jorda.
Den nordamerikanske hobbyastronomen Val Germann frå Columbia i Missouri tok biletet under etter å studert tabellane for satelittpassasjar. Han har venta på eit slikt høve.

Den kinesiske 8,5-tons tunge romstasjonen Tiangong-1 (Himmelsk Palass 1), er Kina sin fyrste romstasjon. Den vart skoten opp i september 2011.
ISS (Den Internasjonale Romstasjonen) veg 450 ton.

Astronautane i Kina vert kalla taikonautar.
Dei fyrste taikonautane kobla seg til romstasjonen i Juni i år,- 2012 med kapselen Shenzhou-9. Men fyrst vart det gjennomført ei ubemanna vellukka tilkobling i september i fjor.

Blandt dei fyrste taikonautane var den 33 år gamle kvinnlege jagerflygaren Liu Yang. Ho er major i flyvåpenet. Sjå biletet under frå Wikipedia.

Tiangong-1 skal styrast ut av banen truleg i året som kjem, og brenn opp i atmosfæren. Deretter skal Tiangong-2 og 3 sendast opp, og målet er ein større romstasjon før 2020.