Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Romvéret rundt Jorda og dalstroka innanfor f.o.m 10. november og dei fyrste dagane framover.

Romvéret rundt JordaPosted by Harald Tue, November 10, 2015 01:33:54
Det går ei stund mellom kvar romvérmelding for tida, men eg held eit auga med da der ute,- og gjev beskjed når de må søkje dekning smiley

SOLA: Etter ein roleg periode på stjerna vår, er det no meir "liv".
(I den grad det kan kallast for "roleg" på "ein stad" der 600 millionar tonn hydrogen vert omskapt til 596 millionar tonn helium kvart einaste sekund,- ein prosess som ville lage slikt spetakkel dersom verdsrommet kunne transportere lyd, at det for oss her på Jorda ville vere som å stå 100m frå eit jetfly under avgang ! Sjølv om Sola er rundt 150 millionar km frå oss).
Nå vel,- for tida er det 5 solflekkar, og 4 av dei er i ferd med omtrentleg å sikte seg inn på oss. Ein av dei ekspolderte i ein ganske kraftig (men for oss ufarleg) CME eksplosjon på fredag, og slengde i det høve avgårde ei sky av plasma og lada partiklar ut i verdsrommet.
CME= Coronal Mass Ejection som eg har skrive detaljert om før. Slike skyer av lada partiklar vert kalla solstormar, og dei kan ha ein fart på frå nokre få hundre km / sek til nær lyset sin hastigheit i ekstreme høve,- altså opp i mot 300 000 km/sek.

Som før sagt, er dei kraftige nok og treff oss mitt i tryne, kan dei slå ut kraftverk, øydeleggje satelittar, navigasjonsutstyr og vere direkte fårlege for astronautar i rommet.
I vår tekniske tid, kan ein kraftig solstorm som treff Jorda skape enorme problem om elektroniske installasjoinar verte øydelagde. Dessuten kan radiosamband dette ut.
Det er ein av grunnane til at Sola vert nøye overvaka 24 timar i døgeret både frå fleire satelittar i samarbeid mellom nasjonar, og frå solobservatorie på Jorda.

Klikk her så ser du ein CME- eksplosjon frå 14.10.2014 filma av dei to solobservasjonssatelittane STEREO A og B. A = Ahead (framføre Sola) og B = Behind (bak Sola). Solskiva er tildekka, elles ville ein ikkje sett noko som helst p.g.a lyset. Like til høgre for Sola ser du Venus.

ASTEROIDAR er det no 1633 av som utgjer ei potensiell fåre for oss Jordbuarar. Men ingen av dei har kurs mot oss no. Kollisjonar med andre asteroidar er hendingar som kan gjere at dei endrar kurs.
Slike som den etter måten store, seint oppdaga og nærgåande ( og enormt raske ! ) asteroiden som eg skreiv om under her i slutten av oktober, vil me ikkje ha for tett på oss !

Igjen har ein liten luring sneke seg umerka innpå oss. Det skjedde den 5. november. Diameteren er berre 10m, men han passerte oss på førehand uoppdaga godt innanfor banen til Månen. Berre 0,7 x avstanden til Månen. Farten var 77 000 km/t. Om han hadde kome inn i Jorda sin atmosfære, ville han nok eksplodert før han traff bakken / havet grunna den vesle diameteren. Men som me såg frå Russland i fjor, merkast slikt noko .....


11.11.2015 - OPPDATERING

SVÆRT NÆRGÅANDE ASTEROIDE
: No syner det seg at enda ein luring sneik seg innpå oss den 6. november. Diametern var berre 3m. Hastigheit: 16 747 km/t. Avstanden frå Jorda på det nermaste var berre 0,3 x avstanden til Månen. Det er berre 100 364 km frå oss.

SOLA har verkelg vakna frå "dvalen" ho hadde nokre veker.
Sist mandag (den 9.) vart det observert ein CME eksplosjon frå ein solflekk litt til venstre for midten av solskiva. Dermed treff han ikkje oss direkte. Styrken var M3 = lågare del av mellomkraftig eksplosjon. Du kan sjå eksplosjonen her. Filma av OHO = The Solar and Heliospheric Observatory.
Objektet du ser til høgre for Sola er planeten Merkur.

SOHO er ei sammarbeid mellom ESA / Den Europeiske Romfartsorganiosasjonen og NASA / Den Amerikanske Romfartsorganisasjonen.
Det er ein satelitt som vart skóten opp den 2. desember 1995, som spelar ein stor rolle når det gjeld å forutsei romvéret. Det gjer han ved å observe mellom anna solaktiviteten på ulike måtar.

Her ser du SOHO:

SA