Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

PLEIADENE, "Vesle Karlsvogna", Subaru, Seven Sisters osv

ASTRONOMIPosted by Harald Mon, April 02, 2018 00:09:07
Eg har somla meg til å skrive litt om astronomi att; om stjernehimmelen i April.
Rundt klokka 21 om kvelden er planeten Venus flott å sjå like før han sig ned under horisonten i vest.

Når det myrknar ser du stjernehopen Pleiadene, også kalla "Vesle Karlsvogna" over og litt til venstre for der Venus gjekk ned.
Kik nærare på logoen til det japanske bilmerket Subaru. Då ser du at det er denne stjernehopen som er logoen,- of Subaru er det japanske namnet på Pleiadene.

Dei er 444 lysår frå Jorda.
Eg repeterer litt om lyshastigheit fyrst. Han er nær 300 000 km/sek. For å vere nøyaktig 299,792 km / sek.
Kan du halde denne farten, kan du flyge rundt Jorda 7,5 gonger i sekundet, bruke knapt 1,5 sekund til Månen (middleavstanden), frå 2 til 15 min til Venus (kjem an på kva sida av Sola han held seg i høve til oss), du vil bruke frå 3 til 22 minuttar til Mars (kjem an på kor han er i banen i høve til Jorda), 30 minuttar til Jupiter og 1 time til Saturn. Skal du til Neptun med lyse si hastigheit, treng du 4 timar (og 2 minutt. He he smiley).
Men til Pleiadene vil du altså bruke 444 år, sjølv med ei slik ufatteleg hastigheit.
Mnja,- "DU" sjølv i romskipet ditt opplever eigentleg ikkje å ha reist i meir enn knapt 20 år når du er framme, og du er berre blitt knappe 20 år eldre sidan du drog i veg. Men for oss som ruslar rundt på kloden vår, vil det ha gått 444 år.
Dette får me ein annan gong, men tida går mykje seinare om du reiser med lyset si hastigheit, eigentleg her 99,99% av denne . Det er nemleg ikkje mogeleg å reise med 100% av lyshastigheita. Då vil i så fall alt skje samstundes. Hmmm..her og no kan me sei det slik at du ikkje kan køyre enn bil seinare enn at han står stille. På "same måte" er det umogeleg å reise fortare enn lyset.

Attende til stjernehopen Subaru, Pleiadene eller kva du vil kalle han.
Han har mange fleire stjerner i seg enn dei me ser med auga, eller med enklare teleskop frå Jorda. Faktisk rundt 3000 stjerner. Og det er ikkje meir enn 13 lysår frå ende til ende mellom dei.

Dei er svært unge stjerner, berre 100 millionar år gamle. Sola vår, er 4,5 milliardar år til samanlikning. Dei er større og varmare enn Sola, difor er dei blåaktige. Storleiken til denne stjerneklassen er frå 2 til 16 gonger storleiken / massen til vår stjerne, Sola. Temperaturen deira er 10 til 13 000 grader på gassoverflata. Stjerner er jo brennande gasskuler som vert haldne i gang på grunn av ein kjernefysisk reaksjon, og har ikkje noka fast overflate. Sola vår sin overflate temperatur er 5 505 grader C.

Som eg har sagt mange gonger, ein treng berre sunt bondevit for å forstå ein god del av det ein ser ute i rommet. Ikkje alltid naudsynt med teleskop, og mage år med lesing og grubling omkring astronomi. Som til dømes når det gjeld fargen på stjernene; me veit alle at fargen i ovnen eller i smia vert raud når temperaturen avtek. Og at når han stig endrar fargen seg frå raudt, til orange, gult, gulkvit, kvit og blå. Verre er det ikkje å slå fast temperaturen på stjernene heller. Sjå skalaen under.

Den klåraste stjerna i Pleiadene, heiter Alcyone A(Alpha). Eigentleg er det eit system av 3 stjerner kvar den største av dei er 10 x større enn Sola, og overflatetemperaturen er om lag 13 000 grader. Ho roterer med 149 km / sekundet.
Sola vår rotere til samanlikning med "berre" 1,9 km/sekundet.
Sidan Alcyone A rotere så fort, lagar det seg ein ring rundt ekvator.

Eg kjem attende til dei andre stjernene du ser på biletet under, framover.



Innafor astronomien nyttar ein mest alltid grader Kelvin. Det er fordi 0- grader Kelvin er det absolutte nullpunkt då alle atom har slutta å bevege seg. Alle gassar har då passert vatn- stadiet og er frosne til is. Det har ikkje all verda å sei når me snakkar om mange tusen eller millionar grader for de me her snakkar om, då skilnaden frå 0 grader Celcius til = grader Kelvin er -273,15. Altså er =grader Kelvin -273,15 Celcius. Kaldare enn dette kan det ikkje bli ute i verdsrommet. Eigentleg ørlite "varmare" grunna mellom anna stråling frå galaksane.
Pleiadene (eller Karlsvogna, Subaru osv) ser du om lag klokka 22 om kvelden no i april i vest. På skissa over heilt oppe i høgre hjørne.


Den vakre stjernehopen Pleiadene på nærare hald.