Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Stjernehimmelen i november

ASTRONOMIPosted by Harald Tue, November 20, 2012 00:41:46

Om litt kjem ei kjapp orientering om kva me eigentleg ser når me glanar ut i rommet,- altså ikkje i stova, kjøkenet osv, men ut i det endelause rommet like over hovuda vore.

Eg legg ut ein link til denne orienteringa.

Her og no:

1. Stjerner er det same som soler. Vår sol, Helios, er altså stjerna i vårt solsystem som planetane "våre" kretsar rundt. Stjernene driv seg sjølv med kjernefysisk energi. Noko forenkla forklart. Nærast som ein samanhengande kjernefysisk eksplosjon som varer frå millionar til milliardar av år.

Planetne er "nær" oss, medan stjerneen er uendeleg langt borte. Sjølv til den nermaste stjerna utanom vår eiga Sol, ville du bruka over 4 år å nå fram til .......vel å merke om du reiser med lysets hastigheit som er 300 000 km / sek. Då brukar du berre vel 1 sekund å reise til Månen !

2. Stjernene blinkar. Planetane "lyser" med fast slys, som dei reflekterar frå sola. Planetane produserer ikkje energi sjølve.

3. Altså: Alt du ser blinkar der ute er stjerner som altså er eit anna ord for sol.

Dei få du ser som skin med fast lys, er planetar i vårt solsystem.

NOVEMBER

No i november kan du i vest sjå Jupiter med fast klart lys i om morgonen.

I 9 -10 tida om kvelden, ser du du stjerna Altair blinke klart til høgre for Månen, og litt over og til høgre for Altair att ser du stjerna Vega funkle enda klarare.

Jupiter: Den største planeten i vårt solsystem, og 1330 gonger større enn Jorda. Den består for det meste av gassatmosfære, men kan ha ein fast kjerne djupt nede under den voldsomme atmosfæren. Jupiters Evil Eye ( Jupiters Onde Øye) er ein stor raudaktig flekk ein kan sjå i atmosfæren. Det er ein voldsom storm som har rasa rundt i atmosfæren i fleire hundre år. I atmosfæren til Jupiter ser ein eit stort antal stormar som rasar rundt,- du ser dei som ovalar eller sirklar med ulike fargar.

Her kan du lese om dette fenomenet, sjå bilder og video, samt høyre underlege lydar tekne opp av sonden Voyager nær Jupiter ! Klikk her, og sjå eit stykke nede på sida som kjem opp.

Altair: Ei stjerne som roterer svært raskt med minst 240 km i sekundet ! Vår Sol roterer med ca 2 km i sekundet. Overflatetemperaturen er ca 7500 grader. Den er knapt dobbelt så stor som vår Sol. Avstanden til Altair er 16 lyssår, som betyr at om du brukar ca 1 sekund til Månen, vil du likevel bruke 16 år for å nå Altair.

Vega: Avstanden til denne stjerna er 25,3 lysår. Overflatetemperaturen 9500 grader. Vega er mest 3 gonger så stor som Sola, og roterer så raskt rundt sin eigen akse at med berre 7% raskare rotasjon ville stjerna løyse seg opp ! Rotasjonshastigheiten til Vega er 270 km i sekundet. Dessuten er rotasjonsaksen (polane) retta omtrent rett mot Jorda.