Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Når Jorda går til grunne

ASTRONOMIPosted by Harald Sun, February 17, 2013 02:32:49
(Bileta er slik kunstnarar tenkjer seg det kan sjå ut på Jorda like før ho går under. Dei er frå http://io9.com ).

Det er ein skræmande tanke at den vakre kloden vår med sine mangfoldige livsformer ein dag kjem til å verte fullstendig øydelagd. Alt liv forsvinn, og truleg vert heile Jorda blesen i filler...rettare sagt i «småbitar» som så smeltar i ei eldmørje. Huff og huff ! Og kven er fienden som ein dag skal øydeleggje planeten vår ? Ironisk nok er det same himmelobjekt som no er kjelda til at det eksisterar liv på Jorda,- nemlig vår ven Sola.

Øh, javel .... !? Tenkjer du kanskje. Og kvifor skulle stjerna vår finne på slik styggedom ? Det er slik at ho ikkje gjer det av vond vilje, men som alt anna her Universet har også stjernene sin fødsel, liv og død. Sola tek oss med seg i undergangen mot slutten av sin eksistens.... om rundt 4 milliarardar år. Men lenge før den tid, har Jorda blitt ubebueleg.

Dette skjer:

I berre vår gallakse er det truleg ein stad mellom 200 og 400 milliardar stjerner (altså soler). Vår sol er ei av dei. Og ein har alt stadfesta at det kretsar planetar rundt fleire andre stjerner, nett slik Jorda og dei andre planetane i vårt solsystem kretsar rundt vår Sol. Til no er det funne over 1000 ekstrasolare (utan tilknyting til vår Sol) planetar som går i bane rundt andre stjerner.

Om det er 200 – 400 milliardar stjerner, og fleire av dei har planetsystem kan du sjølv tenkje deg det enorme antalet planetar som me finn i vår gallakse. Og det er meir enn 100 milliardar gallaksar der ute !

Om du har lese andre stadar om Astronomi i denne bloggen, kjenner du alt til stjerner du kan sjå som er komen langt på vegen mot sin undergang. Til dømes Betelgeuse i stjernebiletet Orion.

Nokre stjerner har ein masse mange 100,- eller enda til mange 1000 gonger større enn vår Sol. Nokre stjerner utviklar seg raskt ( altså i høve til astronomiske tidsbegrep :) ), nokre har mykje høgare temperatur enn andre, nokre er ustabile medan andre ikkje er så veldig store ( altså i astronomisk tyding :) ), og atter andre utviklar seg langsamt og er svært stabile. Stjernene vert katalogisert etter storleik, temperatur osv. Vår sol høyrer til stjerner av kategori GV. Desse stjernene er stabile og utviklar seg over tid. Sola er omtrent mitt i livet, og medan kjempestjerner der ute vil falla saman om seg sjølv når dei går til grunne med ei slik tyngde at dei største av dei eksploderer i den voldsomste eksplosjonen me kjenner til,- ein såkalla supernova eksplosjon,- skjer det ikkje så dramatisk når vår Sol nermar seg slutten. Men dramatisk nok til at Jorda vert øydelagd.

For tida tutlar Sola på med sitt slik ho har gjort i nokre milliardar år,- nemlig å skape 600 millionar tonn hydrogen om til helium i sekundet :) Dette skjer i kjernen. Men når det om 4,5 milliardar år tek til å bli slutt på hydrogenet, krymper kjernen og dei ytre laga til Sola veks samstudnes som temperaturen fell slik at Sola vert tydelg raud. Det er denne utvidinga som gjer ende på Jorda. Sjølv om temperaturen på Sola då stadig fell, veks ho til enorme dimensjonar og slik nermar ho seg Jorda meir og meir. Til slutt har Sola vakse seg så stor at varmen frå ho gjer det umogeleg for liv å eksistere på planeten vår. Det startar med at temperaturen aukar slik at all snø og is smeltar. Havet kjem til å stige med over 70 til 100 meter. Etter som det vert varmare og varmare døyr planter, skog, mennesker og dyr. Om ein då ikkje har funne ein måte å evakuere heile Jorda på. Litt etter litt fordampar alle vatn og hav. Skipsvraka som i dag ligg på havsens botn kjem neppe til syne, då dei vel er gått til grunne uansett etter så lang tid under havet :)

Etter at hava har fordampa, fér atmosfæren samme vegen. Jorda er då berre ein glovarm steinklode. Det kan hende at Sola veks seg så stor at ho sluker Jorda slik ho då har gjort med dei innerste planetane Merkur og Venus. I så fall forsvinn heile Jorda inn i solatmosfæren der ho vel bles i filler, smeltar bort og vert ein del av solmassen.

Når dei fysiske reaksjonane som har gjort at Sola veks avtar, bles ho av dei ytre laga før ho fell saman om seg sjølv til ho vert så lita som Jorda er no omtrent. Men så samanknept at ei teskei med materie frå Sola då veg mange hundre tonn ! Dessutan aukar temperaturen kolosalt att sidan heile stjerna kolapsar og vert knept saman og slik samlar varmen. Sola vert det me kallar ein kvit dverg. Kvitfargen får ho på grunn av den høge temperaturen. Ho fortset i denne tilstanden truleg nokre milliardar år til, før ho har kjølna heilt og seglar rundt til evig tid i Universet som ein svart dverg,- ein slags iskald, svart klode på storleik med Jorda.

Omlag som på biletet over vil Sola sjå ut frå rommet etter at ho har blese av dei ytre laga.

Ikkje så kjekt å tenkje på. Men me får vona at menneska når så langt lir har funne seg ein annan klode i eit anna solsystem å busetje seg på. Om me då ikkje sjølve klarer å øydeleggje den vakre planeten vår lenge før Sola gjer det .....