Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Du ser attende i tida når du ser ut i rommet ! + Betelgeuze på veg mot sin undergang,- og den kan du sjå !

ASTRONOMIPosted by Harald Sun, November 25, 2012 02:24:16

Avstandane i rommet kan me rekna for uendelege. Avstandane til stjerner og galaksar vert rekna i lysår. 1 lysår = kor langt lyset går på eit år,- og det er temmelig langt sidan det går med ein fart av 300 000 km / sekundet ! Det vil sei at om du skramlar saman det du har i garasjen, og set saman ein farkost som kan oppnå lyset si hastigheit,- vil du nå fram til Månen på 1,3 sekund.

Du vil bruke 8,3 minutt til vår eiga stjerne,- altså Sola, rundt 13 minutt til Mars (altså ikkje eit halvt år som ein vil bruke med teknologien av i dag), og 68 til 84 minutt for å nå Saturn. Grunnen til at tida varierer noko, er jo den at planetane beveger seg i høve til kvarandre og difor er det ingen fast avstand, men ein minimum og ein maksimum avstand. Under ser du storleiken på Månen ved maksimum og minimum avstanden til Jorda. Biletet fann eg på ei av sidene til Wikipedia.

Uhyre fasinerande: At lyset brukar tid på reisa gjennom rommet, betyr at du ser attende i tid når du kikkar på stjernene ! Månen ser du altså for 1,3 sekund sidan, Sola for vel 8 minuttar sidan, Mars for 13 minutt sidan osv.

Stjernene ser du frå ca 6 år til mange 1000 år sidan. Leitar du deg fram til Andromeda- gallaksen, (som eg kjem attende til seinare,- du må nytte i alle fall ein kikkert, og vite kvar du skal sjå) ser du inn i ei anna verd slik ho var for 2,3 millionar år sidan. Du ser altså 2,3 millionar år attende i tid ! Om ei stjerne som er 200 lysår unna, eksploderer i ein supernova- eksplosjonen no,- ser du ikkje det for om 200 år,- altså i 2412.

Ein slik kosmisk eksplosjon kan du lese om på slutten av dette skrivet.

Du ville med lyset si hastigheit også kunne fyke rundt Jorda 7,5 gonger på 1 sekund ! Til samanlikning brukar ISS (den Internasjonale Romstasjonen) 90 minutt på 1 runde.......

Men sjølv med ein slik enorm hastighet, vil du bruke 4,2 år for å nå fram til den nermaste sola utanom vår eiga sol (igjen: hugs at sol og stjerne er akkurat det same).

Den heiter Proxima Centauri, og er ein god del mindre enn vår Sol. Ho høyrer til eit system av tre stjerner som kretsar rundt kvarandre. Dei to andre er eit lite stykkje lenger frå oss, og ikkje lenger frå kvarandre enn avstanden frå Mars til vår Sol på det nermaste. Dei vert kalla Alfa Centauri A og Alfa Centauri B.

Proxima Centauri er ei såkalla raud dvergstjerne. Overflatetemperaturen er ca 2600 grader. Derfor raudfargen. Jo varmare ei stjerne er, jo meir går fargen frå raudt over i gult, og så vidare mot kvitt og blått.

Me kan ikkje sjå ho frå Noreg, men reiser du til den sydlege delen av Jorda ser du henne.

Men stjernene me kan sjå frå vår plass på kloden, er alle mykje lengre borte enn Proxima Centauri. Avstanden varierer enormt etter kva stjerne du ser på. Ei av dei mest spanande, er nok Betelgeuze som du lett ser kvar einaste natt. Den er så diger, at om ho hadde vore plassert der vår Sol er, ville ho slukt Sola, Merkur, Venus, Jorda og truleg Mars ! Då vert vår Sol, sjølv om ho er rundt 1 million gong større enn Jorda, for berre eit lite gryn å rekne.

Grunnen til at stjerna har blese seg opp til slike ufattelege dimensjonar, er at ho er på veg mot sin undergang. Me kan seinare kome tilbake til detaljane om korleis slikt skjer, men her og no tek eg kortversjonen. Etter at ho har blese seg opp til eit makspunkt, fell ho saman om seg sjølv i ein enorm kolaps. Vekta og gravitasjonskreftene er så kolosale, at ingen fysisk reaksjon som t.d motstand atomane imellom kan stoppa kolapsen. Mot slutten av denne kolapsen, går kjernen over til jern sidan det er siste stadiet eit mineral kan innta. Det toler ikkje tilstanden, og i same brøkdelen av eit sekund som jern vert danna eksploderer heile stjerna i ein eksplosjon så voldsom at det er hinsides det me kan tenkje oss. Når ei stjerne døyr slik, vet det kalla ein supernova- eksplosjon. Dei ytre laga av Betelgeuze vert slengt utover i rommet med ei hastigheit nær lyset si, og lysstyrken vil for nokre månader kan hende bli sterkare enn lyset me ser frå Månen ! Når de skjer får me for ei stund nermast to soler.

Det som er att av stjerna då, er så samanknept at ei teskjei med materie frå stjerna ville vege fleire 1000 tonn på Jorda ! Betelgeuze vil lyse kvitt grunna ekstrem høg temperatur sidan det som er att er pressa saman til ei stjerne kan hende ikkje stort større enn Jorda. Slik vil ho fortsetje i millionar av år, til det er slutt på den varmen også og ho sloknar heilt. Deretter vil ho kretse rundt i verdsrommet som ein kald, mørk samanpressa "ball" så lenga verda står.

Det er noko usikkert om ho endar enda meir spektakulert,- nemlig om storleiken er slik at kolapsen ikkje stoppar i det heile,- slik at ho endar som ei nøytronstjerne,- eller til og med eit svart hol ! Kjem attende til dette ein annan gong.

Så spør du sikkert: " Øh....kva med oss ?? Ryk me med i eksplosjonen, og kor nærme er Betelgeuze ?". Slapp av ! Avstanden til Betelgeuze er 430 lysår borte,- altså tilbake til romskipet du snikra saman i garasjen din som går med lysets hastigheit og brukar kun 1,3 sekund til Månen,-. du ville likevel bruke 430 år på å reise til Betelgeuze.

Ein veit ikkje kva tid denne stjerna eksploderer, men ho kjem til å gjere det. Ho er på slutten av livssyklusen. Det kan faktisk alt ha skjedd,- med sidan lyset brukar tid på å nå fram til oss grunna dei astronomiske avstandane,- ser me henne enda skine "normalt". Hugs at når du ser ut i rommet, ser du samstundes attende i tid. Kikkar du opp på Betelgeuze, ser du henne i år 2012 - 430 ( som er åra lyset frå henne har brukt for å nå oss) = år 1582. Dus er altså Betlegeuze slik ho var i år 1582, for 430 år sidan.

Slik finn du Betelgeuze:

Sjå noko høgare enn over midten av himmelen i sør-vest om morgonen ( november 2012), eller lågare og i nord aust om kvelden. Du ser eit stort stjernebilde som heiter Orion. Du ser lett beltet til Orion,- tre stjerner står tilsynelatande svært tett saman (berre tilsynelatande ) på skrått nedover mot venstre. Over desse tre stjernene, litt til venstre ser du ei klar raudleg stjerne. Det er Betelgeuze.

Sjå figuren under som er henta frå discovermagazine.com

Om det skulle vere liv på planetar innanfor faresonen til ei slik type stjerne når den eksploderer, vil det bli utsletta på sekundar.

Til slutt: Kan Sola vår eksplodere slik, og dermed utslette oss ? NEI ! Sola vår er knøtliten i høve til dei største stjernene, og det skal me være glade for. Ho er nemlig altfor lita, og altfor stabil til at ho endar på denne måten. Stjerner som endar i ein eksplosjon er ofte ustabile, har langt høgare masse og utviklar seg over mykje kortare tid enn vår Sol som tek livet med ro.