Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Stjernehimmelen i desember 2012

ASTRONOMIPosted by Harald Sun, December 09, 2012 19:25:56

OPPDATERT 25.12.12

I kveld står Jupiter "like ved" Månen. Dette kan du sjå om det ikkje er overskya der du held til. Jupiter er den klare planeten i Månen sin klokka 10 - 11 posisjon, om du tenkjer at Månene er ei urskive.

Men det er sjølvsagt berre tilsynelatande at dei to himmellekamane står nær kvarandre. Avstanden til Månen fråJorda er ca 385 000 km, med avstanden til Jupiter er 669 000 000 km. Dessuten er Jupiter

Jupiter er 122 x større enn Jorda, og Jorda er 3,6 x større enn Månen. Så om Månen vår og Jupiter verkeleg hadde stått saman, ville Månen berre vore ein ørliten prikk samanlikna med Jupiter.

Stjerna (hugs ei stjerne er det same som ei sol) du i kveld ser like under Jupiter er Aldebaran. Den er 67 lysår frå oss (i km vert det 300 000 x 60 x 60 x 24 x 365) og er 48 x større enn vår eiga stjerne, Sola, som igjen er 1 million x større enn Jorda :)

Planeten som lyser klårast midt i desember er Jupiter. Du ser han i sør rundt klokka 20, og i nord rundt klokka 8.

Men Venus reflekterer også klart lyset frå Sola lågt i sør om morgonen. Eg kjem attende til Venus i desember lenger nede på sida.

Her er link til ei lydfil der du kan høyre lydar frå Jupiter sin atmosfære. Det er elektromagnetiske bylgjer oversett til høyrbar lyd me kan oppfatte. Opptaka er gjort av Voyager- satelitten. Sjå eit stykke nede på sida du kjem til.

Rundt klokka 8 om morgonen kan du i sør aust også sjå Månen og tre planetar mest på rekkje og rad. (Dei som bur på Stord kan sjå i retning Haugesund og i området til venstre for denne retningen).

Hugs at alt som blinkar er stjerner, altså soler, som er ubegripeleg mykje lengre borte i høve til planetane som du ser «lyse» med fast lys som dei jo reflekterar frå Sola på same viset som Månen reflekterar sollyset.

Du skal altså sjå etter dei som ikkje blinkar om du vil sjå planetane.

Om du tek utgangspunkt i Månen, og tenkjer at den er ei urskive, finn der kor 11- talet ville vore og strekk ei linje ut mot venstre derifrå. Då ser du Saturn. Altså over og litt til venstre for Månen. Dei endrar seg litt kvar dag frametter. Om me nyttar same metoden: Finn der kor omtrent 7 talet ville vore om Saturn var ei urskive, strekk ei linje ut mot venstre og du ser klart Venus. Vidare på same viset, sjå i klokka 7 posisjonen i høve til Venus att, og du ser Merkur som er den planeten som er nærmast Sola. Den er det ikkje så ofte me har høve til å sjå då den mesteparten av tida forsvinn i sollyset.

I 23- tida om kvelden kan du omtrent i sør sjå det vakre stjernebiletet Orion. Sjå ein anna stad under Astronomi i denne bloggen om du vil sjå ei teikninga av korleis stjernebiletet ser ut. Om morgonen i 7 -8 tida kan det vera lettare å sjå men har då "flytta" seg lenger mot vest (høgre) grunna Jorda sin rotasjon.

Som eg har forklart tidlegare er den raudaktige stjerna øverst til venstre i Orion ei enorm stjerne. Den heiter Betelgeuze, og er på veg mot sin undergang. Ho er så diger at om ho hadde vore plassert der vår Sol er, ville ho slukt både Sola, Merkur, Venus, Jorda og Mars !

Men likevel er ikkje Betelgeuze den størtse stjerna me kjenner til,- langt i frå ! Men det kjem me attende til....

Under til venstre for stjernebiletet Orion, ser du den klaraste av stjernene sett frå Jorda. Det er Sirius. Ho er ein god del større en vår Sol og mykje varmare med sin overflatetemperatur på 17 000 grader. Difor er lyset frå Sirius blåkvitt. Overflatetemperaturen på vår stjerne, Sola, er til samanlikning 10 000 grader. Enorme Betelgeuze har ein overflatetemperatir på «berre» ca 3500 grader,- difor den raudaktige fargen.

Biletet over finn du på Universitetet i Oslo sine astronomi- sider.

Biletet av Orion over er frå tumblr.com

Under er navna på stjernene i Orion ført på.