Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Uhøgtideleg referat frå Fjord- og Geitostfestivalen 2013 i Undredal

KåseriPosted by Harald Sat, August 03, 2013 23:30:58

FJORD – OG GEITOSTFESTIVALEN 2013 I UNDREDAL -- UHØGTIDELEG REFERAT

DEL 1
I strålande solskin og 25 grader + parkerte me doningane sentralt i Undredal City seint på torsdag ettermiddag. Den etterlengta dufta av sommar, elv, fjell, brunost, fjord, geit og go'ver reiv behageleg i nasen då me ein smule stive og støle,- men like fult grasiøst,- stega ut i herlegheita.

Aurlandsfjorden mot aust sett frå Naustbakken i Undredal. Ein representant for mås'n er på plass slik heile flokken var grytidleg kvar morgon då dei vekte oss med vakker fuglesong ....

«Me» var der og då nokre representantar frå Kvinnherad Kommune og ein frå Stord Kommune. Utover kvelden og neste dag seig det inn fleire frå denne kanten av landet. Desse individa kjem me attende til.
Etter at bossekkene med sengeklede og anna pø var drege bort til atter ein gong velvillig utlånt residens på Naustbakken, vart det etter kvart mat å få. Denne kunne inntakast på nyrestaurert trekai,- til vakker fuglesong frå mås'n som også tykte det var gildt med geitostfestival.
Eva & The Heartbrakers ( Eva = Eva / The Heartbrakers = Sigbjørn) ramla inn i gongen utpå kvelden, og underteikna konstanterte med velbehag at dei hadde «sjåppa» rikeleg med føde.... om enn det var mindre med grønfór slik eg set pris på.
Natta kom og gjekk, og eit par mindre crusieskip stiltra seg på sokkeleisten inn til Flåm på morgonkvisten. Deriblandt ein skapning som tilsynelatande var resultatet frå ein paringsdans mellom eit standard cruiseskip og ei seilskute ein kvan stad'n nede i Middelhavet utpå hausten 2011,- utan at eg nøyaktig kan fastslå kor lang drektigheitstida er blandt cruiseskip,- men om lag som hjå elefanten vil eg tru,- altså bortimot 2 år. Under "Club Med 2"


Borte i Undredal City var etter kvart bodene komne på plass. Frå desse skulle de seinare byast fram ulik festmat, handarbeid og anna skrammel.
Me andre stod etter måten tidleg opp, for å nyte lang og god frukost på bryggja i det vakre véret. Mat smakar som kjent særs godt når andre har betalt han, så eg koste meg retteleg under alle måltida under festivalen,- ikkje minst ved frukostboret. Eg uttrykte meg kan hende noko underleg med å skrive «Me andre stod etter måten tidleg opp,---». Det har si årsak i at unge Herr Julian Eide Bertelsen (14) synest å ha ei noko ansleis døgnrytme enn me andre. Han prakiserer soleis sengjekontakt om lag på same tid som andre,- men finn så hug i arbeid med ulikt trådlaust maskineri til utpå otta. Svevnen kjem difor fyrst til han når me andre så smått har starta med meir eller mindre medviten småstrekkjing av ledd og musklar, grynting og gliping med auga mot morgonsola i fyrste del av oppvakningsfasen.
Hjå unge Eide Bertelsen, vert alt dette skyvd framover (eller bakover etter som ein ser det) slik at når klokka er 8 om morgonen for oss andre, er ho om lag 1 om natta for han. Når me forsvoltne skal benkje oss rundt middagsbordet, skal han til å ete frukost og so bortetter.

DEL 2
Forige bolkjen slutta med at ting datt på plass i Undredal City, og at Sunnhordlands- delegasjonen Even, Lilo og Nerea (i alfabetisk rekkjefylgje) nerma seg Verdsarv- regionen smått om senn. Her gjorde eg eit misstak, då ferda til ovannemde delegasjon ikkje tok til før torsdag ettermiddag. Eg lyt soleis omkalfartrera bolkane litt, slik at ting du leste i går også openberar seg under neste lesing. Om så skjer, er det ikkje noko gale med minnet ditt, men med håtte mitt.
Etter frukost tok eg ansvar bak oppvaskbenken, medan dei andre benka seg på bryggja for å nyte go'véret, eller rusla seg ein tur langs stien bort til Undredal City.
Ho Margrete Syskjenbarn melde frå om at ein om kvelden kunne delta i noko som heite Kviss. Dette spelet var slik laga til at ein kunne både ete og drikke medan ein svara på spørsmål um likt og ulikt mot betaling.
Det tykjest meg underleg at ein skal låta betale for å svara, når konsulentverksemder elles tek seg godt betalt for å gje svar.

Margrete var i komitéen, og hadde dertil ansvar for nemde moro,- altså kalla Kviss.
Eg fann det difor høveleg å spyrja henne om kor mykje eg kunne pårekna meg i godtgjersle om eg møtte fram under hendinga, og svara på spyrsmål om verdsrommet. Om slikt veit eg mangt og mykje, og eg såg meg sjølv hausta mykje fagnad frå dei frammøtte der eg la ut om stjernor, planetar og sovore ute i verdsrommet.
Men ho Margrete Syskjenbarn tykte ikkje om dette med at eg skulle ha godtgjersle for å møte fram. Ho var også heller usikker på om ein kom til å spyrje om slikt eg har greie på, og held på sitt om at eg måtte betale for å verte spurd.
Då vart eg sur og blei heime.
Under har Nerea fotografert eit skip på veg inn fjorden, og eit anna på veg ut.


Enda ein delegasjon var på veg frå Sunnhordlandstraktene. Denne gong representert av Nerea, Even og Lilo som er ein hund.

Me kjem med jamne mellomrom attende til ferda deira mot Undredal, då ho vart noko vidløftig. Men dei starta i alle fall optimistisk ut frå Leirvik, tok ferga til Halsnøy av di Nerea skulle levera noko til ei klestrengjande kvinne i Rosendal frå klesutsalet der ho jobbar. Etter kva eg skyna hadde denne klestrengjande kvinna i mellomtida flytta til ein stad nær Ranavik på Halsnøy, noko som skulle passe bra sidan vegen frå fergekaia på Halsnøy smett seg forbi gardane der. Men det synte seg vist at nemde kvinne likevel ikkje skulle ha framborne plagg frå klesutsal på Stord. Truleg fann ho seg tid til å spøta seg eit kvart sjølv på sein kveldstid.
Klokka kunne vere om lag 4 «pi æm»,- slik ein gjerne utrykkjer seg når ein skal sei «om ettermiddagen» på framandspråk,- då delegasjonen starta ut. De skulle syne seg at «TTT» = Ting Tek Tid før dei var vel framkomne til Undredal.
Eit par timar seinare kunne Nerea ved hjelp av moderande kommunikasjonsutstyr kjekt forkynne at dei no var på veg gjennom Rosendal. Om lag då me trudde dei i alle fall var komne til Utne.
Utpå ettermiddagen fór seglskutecruiseskipet ut fjorden att etter å svinga innover mot Undredal. Det andre seinare på sommarkvelden som no silkemjukt smaug seg innover Verdsarven med Undredalsbryggja, Kviss'n ...... og underteikna som sat borte på Naustbakken og surmulte fordi han ikkje fekk svare på likt og ulikt om verdsrommet mot vederlag.
Slekt dukka opp både her og der,- i millom dei tvillingsystrene Liv og Gerd. Fyrstnemde er husfrue i huslyden som eig residensen på Naustbakken. Ho laut under festivalen søkje tillflukt hjå skyldfolk inne i Flåm då me frå Sunnhordland hadde okupert residensen hennar.
Ein kunne lese på plakatar at ein dagen etter,- med fåre for liv og lemmer,- kunne melde seg på ein slags galskap på andre sida av fjorden. Galskapen gjekk ut på å verta frakta over ein av armane til verdas djupaste fjord i overfylte småbåtar,- soleis at um ein ikkje alt drukna på vegen over, heller kunne freista å setje livet til ved å klatre 540 meter opp ein stupbratt fjellvegg til ein høgdagard dei kallar Nedbergo (enda det som sagt er stupbratt oppover),- ei fjellhylle der det ikkje har budd nokon på minst 50 år. Dei øvelevande skulle verte trakterte med kaffi, krydderkake og anna godt til song og musikk framførde av mellom anna Åsmund Nordstoga. Og,- ja, du vil vel ikkje tru det,- men jamvel om ein kleiv seg til fjells over fjorden med fåre for liv og helse,- so skulle det også her betalast for deltaking ! Stunt- menn og -kvinner rundtom i verda er elles godt løna for å gjere slike risikoøvelsar.
Men Undredølar er no ein gong ikkje som andre dølar.

Det eg her har tala um, tykte bror Reidar, Liv og Gerd var stor stas. Dei bladde opp dei naudsynte setlane, og gjorde seg klare til ei god natts svevn før avreise klokka 11 neste føremiddag.
Men det var ei til som plent skulle vere med,- ho Nerea sist høyrt frå på veg gjennom Rosendal, noko etter alle gjeldande tidsskjema. Eg sveivde i gang telefonen utpå kvelden for å høyre kor langt dei var komne. Ho kunne då melde frå um at dei alt hadde snudd på fergekaien i Bruravik (altså i motsatt retning av dit dei skulle), og soleis var på veg attende gjennom den lange Vallaviktunellen for så å halde fram mot Voss, Gudvangen og Undredal.

DEL 3

Over har Nerea fanga inn ein fering på tur over fjorden med fleire "fjellklartrarar".

Nerea, Even og Lilo kom i hus utpå kvelden, etter ein del stopp for at Lilo skulle lufta seg. Han tykkjer lite om å nytte automobil som transportmiddel, og dette gjev han utrykk for ved å sikle slik at ein lyt vaske doningen etterpå.
Enda ei sommarnatt kom og gjekk. Mås'n vekte som vanleg opp halve Undredal grytidleg med sin vakre morgonsong, noko særleg broder Sigbjørn set stor pris på ......
Nerea, broder Reidar, Gerd og Liv etla seg bort til bryggja for å utsetje seg for den fårefulle ferda dei rundt 800 metrane over til hi sida av fjorden,- der som tidlegare skrive,- ei stupbratt fjellside venta på dei. Alt dette styret for å få kake, kaffi samt Åsmund Nordstoga- song 540 m over havet. Ein lyt også ta med at han ikkje var den einaste Åsmund som kvea oppe på Nedbergo. Også Åsmund Reistad tok del i dette.

Eg stod trykt på vår bryggje, og observerte at ein av dei godt lasta feringane sette nasa ned i fjorden så fort påhengsmotoren putra seg i gang. Skipperen ombord måtte til med omkalfartrering av passasjerane før ferda kunne fortsetje, og så langt eg kunne sjå (med kikkerten) kom dei seg velberga over. Utover føremiddagen sat eg fredeleg på bryggja og kikra på dei omlag 30 galningane som sakte kraup seg ut og inn av lauvskogen i sikk sakk rørsle oppover mot Nedbergo.

Bildet over er frå facebook- sidene til Fjord- og geitostfestivalen. Klare til oppstiging i det varme véret....puh ! Bildet under står Nerea føre.
Nerea og syster Alexandra, som måtte jobbe og difor ikkje kunne vere med oss, har gener frå Undredal, Halsnøy så vel som frå Solana del Rioalmar i Spania. Både i Solana og i Undredal er det geiter,- mange geiter. Dette gjev for Nerea sin del seg utslag i at ho ikkje har tid til å vente når ho fyrst har høve til å kliva opppover bratte fjellsider. I ettertid uttrykte ho med missnøye at ho fleire gonger hadde måtte stoppa for å vente på dei andre.....
Medan dei på hi sida kleiv, studerte Even til kaptein medan eg russla rundt i Undredal City og såg på livet. Dei andre i familien helt seg rundt omkring, til Eva og Sigbjørn atter diska opp med sommarmat som mellom anna skulle grillast. Soleis gjekk det til at me borte på Naustbakken i Undredal nytte sommarmiddag på vår bryggje, medan dei over på Nedbergo samstundes nytte krydderkake, kaffe og Åsmund- song 540 meter høgare oppe.

Over ser du Aurlandsfjorden med Undredal på andre sida. Nerea er frampå med "telefonkamera" att.

Endeleg oppe.......med Reidar i tet'n for resten av fylgje. Teke av Nerea som låg nokre meter føre.

Frå facebooksidene til festivalen er dette biletet som syner utsikta frå stovevindauga på Nedbergo.

Under enda eit cruiseskip på veg ut att frå Flåm. Frå facebooksidene til festivalen.


I eit- tida smaug dei seg nedover att,- medan eg igjen tok ansvar med vask og rydding på kjøkenet på mi side av fjorden. Ferdafolket kom attende frå Nedbergo,- til og med like mange i talet som då dei reiste.
I bygda vandra utsendingar med ulike framandspråk og dialektar ikring nyfikne etter å smake på geitost og anna tradisjonsmat som vart bydd fram i boder, medan andre åt i seg middagsmat på den koselege kafféen på bryggja.
Då eg naut ettemiddagskaffien min, fór brått dei eine kapproarane etter dei andre forbi meg i tradisjonelle sognabåtar. Om kvelden var det meir Åsmund- folk musikk, og enda seinare dans til trekkspel og kontrabass utover sommarnatta.............medan elva som vanleg brusa bak lauvtrea.


DEL 4
Denne gong får du høyre om tradisjonelt uvanlege sogne (?) dialekter i Flåm, om sinte Barbara frå Italia (rett nok litt attende i tid) og om nevø Julian sitt møte med festmaten mylsa som er kokt av mjølk,- men som Julian trudde var ein fisk.

Det var laurdag, og me vakna igjen opp lenge før me hadde tenkt å vakne,- til vakker morgonsong frå mås'n. Frukost vart stelt i stand, og nytt nede på bryggja,- kor etter eg tradisjonstru vaska og rydda på kjøkenet før eg rusla ut i sommardagen. Sistnemde var i varmaste laget for meg med mellom 25 og 30 grader. Eg høyrer nemleg til dei som ikkje klagar korkje over regnvér, eller over andre vér.

Borte i Undredal City fór Nerea omkring mellom bodene og leita etter ei loddbok, slik at ho kunne tegne seg på i von om å vinna tandemhopp i fallskjerm kl 13 neste dag,- altså Søndag. Eg var ikkje overbegeistra over tanken på at så kunne skje.

Sjølv om det var mykje på gong i Undredal, la me 6 i talet på veg inn til Aurland for å pynte graver på kyrkjegarden der, og for deretter å ete middag inne i Flåm.

Dialektane i Flåm er ikkje slik dialektane i Flåm har vore tidlegare etter det eg kan hugse. Eg skal gje nokre døme på dette: «Eg» heiter no ofte «Jag» og «Kvifor ikkje ?» heiter like ofte «Hvarför inte ?», Om ein sogning leitar etter ei bytte av di ho eller han vil vaska seg i fjeset,- eller kan hende golvet,- vil det om lag lete slik: «Du vil vel ikkje ve so gjilde å sai meg kest henne danna byttao e inkorstad'n ?». Slike ynskjer kan no også utrykkjast slik: « Kan du berätta för mig var hinken är nonstans, snella ?»
Dette for meg til å minnast svensko som vart so syrgjeleg missforstått då ho meddelte at «Det är mysigt att gå rundt och pula». Både du og eg veit at utsagnet omsett til norsk tyder at ho tykkjer det er slik stas å gå rundt å rydde.

For nokre år sidan benka eg meg rundt eit lite bord inne i Flåm,- på ein stad der ein kunne få kontakt med omverda ved å koble seg til den lange ledningen som går rundt heile Jorda og som heiter Internett. Tett ved hadde ein italienar funne same løysinga, slik at han kunne samtale med Barbara og jamvel sjå henne samstundes som han tala til ho. Eg er langt frå så stødig i italiensk som eg er i spansk, men eg får no med meg ein del. Barbara var truleg kjærasten til nemde italienar. Ho held seg heime i Spaghetti- land, medan han der og då dura rundt i Flåm med eit reisefylgje etter det eg skyna. Då han hadde tredd høyrelurar nedover øyrene, kunne eg berre svakt høyre summinga frå røysta til ho Barbara. Men på italiensk vis tok han jamt opp att setningane Barbara tala um for han slik at det likevel var lett å fylgje med på private nyhende frå sydlegare breidegrader. Ikkje slik at eg har for vane å lytte til private meiningsytringar blandt turtelduer, men når ei(n) av duene oppheld seg rundt 3 alen frå meg, er slikt ikkje mogeleg å late vere.

Soleis gjekk det tydeleg fram at ho Barbara slett ikkje var nøgd med hann- dua som ferierte her oppe i Nord. Titt og ofte freista han å avbryte tiradane frå ho, med å sei navnet hennar for slik å kome til ordet. Dette lét slik: «....ma Barbara, scusi, Barbara.....perdone...Barbara scusi per favore...». Det tyder om lag: «...men høyr Barbara, årsak..høyr på meg, Barbara....ver snill å lat meg kome til orde, Barbara....» . Han forsikra óg ho Barbara om at «Io non sono di un'altra donna. Io sono con gli amicii che viaggiano con me !». Altså at han slett ikkje var i Flåm med ei anna kvinne, men med venene i reisefylgjet. Like vel kleiste ho Barbara på røyret, og det tok noko tid før ho lyfte det av att. Korleis det heile enda veit eg ikkje, men etter ein times til og frå- dialog med ho Barbara, sa han at han ville stad å ete middag med dei andre. La så på, og gjorde så.

Attende til sist veke. Trass dialektar og målføre fekk me stortra oss til å tinga middag,- og jamvel Soft Is og kaffi til desert. Deretter bar det gjennom den 5053 meter lange Flenjatunellen attende til Undredal.
Då kvelden seig innover, stemde dansebandet The Sogn's og andre utøvarar instrumenta sine. Mellom desse nokre franske folk som bau på fransk folkemusikk framførd med speleglede og godt humør. Eg tykte eg vel om denne musikken, sjølv om det for meg kunne høyrast ut som det heile tida vart spelt litt ulike versjonar av same låt'n.
Båtar kom til frå mange kantar. Folk frå den smekkfulle campingplassen og frå andre husvære strøymde til og mange gla'e folk benka seg tett saman til laurdagsdans, tradisjonsmat og moro.

Det er her me kjem inn på fenomenet mylsa. Dei unge arangørane, som gjorde framifrå arbeid med å få til festivalen, diska opp med valfri dravle eller mylsa, spekemattallerken, flattbrød samt saft og vatn. Elles kunne ein kjøpe litt av kvart anna på kafféen og i baren. Det seier seg sjølv at for underteikna som held seg til mat som ikkje har hatt fjes, vert spekemattallerken feil. Den sende eg vidare til andre forsvoltne.
Det var omlag i denne stunda ein venleg ung mann i fylgje med ei like venleg ung dame,- begge frå komitéen,- kom til vårt bord for å freista etter om me ynskte dravle eller mylsa. Du lurer kan hende på kva mylsa er. Noko forenkla forklåra, er det om lag som når du held på å koke dravle (altså den brunaktige, suppeliknande festmaten nokre vil sei smakar og ser ut som spy, men som andre nyt som delikatesse), men vert ofseleg svolten før mjølka har koka så lengje at ho er blitt til dravle, og bestemmer deg for å ause opp den uferdige dravlen i suppeskåla di slik at du får stilt den verste svolten før dravlen er ferdig. Då heiter dravlen mylsa. Altså er gangen i det slik: Mjølk frå ku – mylsa – dravle. Dette er kanskje noko flåsete forklåra då dravle vel eigentleg er laga av råmjølk,- som altså er kua si morsmjølk og av Vår Herre i utgangspunktet tiltenkt kalven.

Like fult vart me no bydde anten dravle elle rmylsa. At Reidar høffleg ba om dravle, men likevel fekk sett ei pappskål med mylsa framføre seg, er eit mysterium me enda ikkje er komne til djupet av. Eg kan her nevne at dei unge som bydde fram matfata, tala sognedialekt frå lokalområdet slik at mysteriumet over ikkje kan skuldast svenske dialektinnslag.

Så kom turen til nevø Julian Bertelsen Eide,- ein av to håpefulle tilhøyrande broder Sigbjørn. Mylsa vart sett framføre den unge mannen. Han kika med vanntru ned i matfatet, så med store auge opp på dei venlege matframbydarane, så ned att i matfatet der ein kvit uformeleg klump låg å sumde i ein lakje. Det er soleis ikkje til å undrast over spyrsmålet Julian stilte matframberarane: «E da ein slags fisk ?».
Reidar, som ikkje fort kom seg over at han vart påskubba mylsa enda han hadde bede om dravle, gjorde god mine til slett spel. Etter fyrst å ha prøvesmaka festmaten,- noko som straks gjorde seg utslag i stivna fjes,- freista han på å drysse på sukker. Ny prøvesmaking av mylsa, men no altså med sukker, framkalla enda meir motstand frå smaksløkane slik at han ikkje lenger såg noko grunn til å utfordra skjebnen,- og overlet til andre å gle seg over slik gormémat.

Det skal vidare seiast at ho tante Liv ikkje var særleg begeistra over Sunnhordlendingane då ho utpå kvelden måtte tømme fleire mylsa- fat frå vårt bord på fjorden,- unnateke eit: Mitt ! Eg åt mylsa mi lydig opp, og tykte slett ikkje det var ille. Men so har eg ete det før då mammo kan dette med å lage både tradisjonsmat og anna mat.

På bryggja gjekk det i prat, dans og moro til langt ut i dei små timar. Men sjølv gjekk eg tidleg heim, glad for at Nerea ikkje vart den heldige vinnaren som skulle hoppa tandem i fallskjerm neste dag. Sjølv om eg som mange veit tykkjer det er stor stas med luftsport. Trur nok at høvet byr seg att ein annan gong.

Kjem det ein del til ? Tja ....

Over her sit Lilo og gliser med seg sjølv nede på bryggja på Naustbakken.