Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

ROMVÉRMELDING FOR JORDA OG DALSTROKA INNAFOR

ASTRONOMIPosted by Harald Sun, August 20, 2017 02:08:15
Eg har lete verdsrommet gå på sjølvstyr sidan april,- på tide å overta kontrollen att....

SOLA

Stjerna vår (altså Sola) hadde nett gått inn i ein rolegare periode, men truleg for å gjere stas på solformyrkelsen på mandag har ho sett i gang med ein del spetakkel frå tre SOLFLEKKAR ispedd nokre små som strekkjer seg over soloverflata i ei breide på godt over 225 000 km, eller omlag 2 x breida til planeten Jupiter.
(Det er plass til meir enn 1 million jordklodar inne i Sola, og diameteren er 109 gonger større enn Jorda sin).

Det opna seg eit gigantisk såkalla koronalt "hól" over nordlege halvkule på Sola. Det vil sei eit område kor magnetfeltet på Sola "brettar seg til side" slik at elektrisk lada partiklar strøymer fritt ut frå Sola og blandt anna mot Jorda. Slik utstrøyming av partiklar kallar me SOLVIND. Det er den som er årsaka til nordlys- fenomenet som oppstår rundt 80 km over hovudet vårt når solvinden tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt.

Her ser du det gigantiske "hólet" som har opna seg på Sola. Biletet er frå NASA/SDO.
Dei lyse felta er "mindre" eksplosjonar på Sola, kor brennande plassma og stråling vert slengt ut i verdsrommet ifrå.


SOLFLEKKER er kraftige magnetfelt som opptrer lokalt på Sola. Dei er ofte mange gonger større enn Jorda sin diameter, og dei ser mørke ut i høve til det elles kraftige skinet frå Sola. Grunnen til at dei verkar myrke, er at temperaturen i dei er ein del lågare enn temperaturen elles på Sola. Overflatetemperaturen er 5505 grader C, men i solflekkene er den rundt 4000 garder C.
Solflekkene kan vere ustabile, og stundom skjer det gigantiske eksplosjonar i dei,- såkalla Coronal Mass Ejections. Forkorta til CMS.
Under slike eksplosjonar vert enorme mengder lada partiklar slengt ut i verdsrommet i ei sky som rasar avgårde med 500 km/sek. Stundom langt meir.
Brennande plassma og gassar kan nå 40 000 km over Sola, før dei lagar ein bóge og fell ned att mot soloverflata grunna tyngdekrafta.
Slike gigantikse "flammar" kan vere mange gonger større enn Jorda, men dei kan ikkje brenne oss opp då 40 000 km ikkje på langt nær er nok til ein gong å nå ut til Merkur, som er den nermaste planeten til Sola.

Det som likevel kan skape store konsekvensar for oss Jordbuarar, er om me vert truffne av ein kraftig solstrom. Grunnen er teknologien me i dag er heilt avhengige av; satelittar, datamaskinar, navigasjonssystem, starumforsyning osv.
Slikt kan verte heilt slått ut og øydelagt av ein solstorm. Sidan skya av lada partiklar og stråling (altså solstormen) brukar 2 til 4 dagar på å nå oss,- og sidan sola er overvaka 24 timar i døgeret frå mange satelittar og solobservatorium,- vil me ha tid til å sende astronautane og ISS (den Internasjonale Romstasjonen) i tryggheit i skuggen av Jorda, samt eventuelt stenge av satelittar og elektronisk utstyr på bakken for å minske konsekvensane.

Fleire ekspertar hevdar at me mest vart sett attende til steinalderteknologi i 2012, då me i slutten av juli på hengande håret vart truffne av ein enorm solstorm.
Nok om solstormar i denne omgang.

Over ser du solflekkene Sola for tida bråkar litt med. Ein kalkulerer med at mellomstore CMS- eksplosjonar kan skje i desse flekkane. Dei dreiar i desse dagar mot mot, oss som du ser.

Klikk her for meir om solstormen som nær trefte oss i 2012 !


ASTEROIDAR

Den 14. august passerte ein liten asteroide med diameter på 31 meter oss 2,2 x middelavstanden til Månen.

Framover er det mange fleire som passerer oss, éin med diameter på nær 5,5 km, men alle fér forbi oss mange ganger avstanden til Månen frå oss.

Så er derimot ikkje høvet den 12. oktober då ein liten luring med diameter 16 m susar like over hovuda våre, berre 38 400 km frå oss,- eller 0,1 x avstanden til Månen med ein fart av 27 360 km/t.

Det er no 1803 asteroidar som utgjer ei potensiell fåre for å kollidere med Jorda. Antalet aukar heile tida.







Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.