Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Om CME eksplosjonen på Sola mandag kveld.

ASTRONOMIPosted by Harald Wed, September 06, 2017 00:35:38

Som eg skreiv i går, kunne den raskt veksande solflekken på Sola eksplodere.
Og som sikkert mange har høyrt i nyhendingsendingane i dag, smalt det.
Vel,- "smalt" er vel ikkje heilt rett uttrykt, sidan det er mest berre vakum i verdsrommet og ingen gassar som kan transportere lydbylgjer.

I alle fall er no ein solstorm på veg mot oss. Siste prognosane er at han treff oss onsdag
kveld.
Solstorm vil kort fortalt sei ei diger sky av lada partiklar som rasar gjennom verdsrommet mot oss, sidan solflekken peika mot oss då eksplosjonen skjedde.
Farten på stormen har eg kalkulert til rundt 32 000 km/t.

I kortare perioder kan han nå kategori G3 som betyr kraftig solstorm.

Fylgjene vert truleg forstyrelsar i lågfrekvent radionavigasjon og satellit- navigasjonsssystem.
Radiokommunikasjon i HF området kan bli forstyrra, og enkelte alarmsystem kan verta utløyste.

Satelittar i låg bane rundt Jorda kan verta bremsa ein del, og kan hende må justering til.

På den positive sida er det gode sjangsar for flott nordlys, om véret vert slik at me kan sjå det. Det oppstår når dei lada partiklane i solstormen tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt.

Klikk HER for å sjå video av eksplosjonen teke frå solobservasjons- romfartyet "The Solar and Heliospheric Observatory", som er eit lite romfarty drive med samarbeid mellom den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og amerikanske NASA.
I videoen er sola dekka til slik at ein ikkje vert blenda av koronaen, det skarpe lyset rundt sola.

Under ser du bilete av romfartyet. Det vart sent ut i rommet i 1995.








Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.