Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

NY KJEMPESMELL PÅ SOLA I DAG, ONSDAG!

ASTRONOMIPosted by Harald Wed, September 06, 2017 23:21:10

Eg skal ta det i rett rekkefylgje, men fyrst lyt eg forklåre skilnaden på to typar eksplosjonar som skjer på stjerna vår, sola. Dei er vanlege, men kraftige «utgåver» ser me ikkje ofte.

Den eine eksplosjonen vert på norsk noko slikt som «SOLGLIMT». På engelsk «SOLAR FLARE». Ein kan ikkje sjå slike eksplosjonar med auga grunna det kraftige lyset frå Sola. Men med teleskop eller spesialutstyr vert dei lett synlege som lysande eldbogar som skyt 5000 til 15000 km ut i rommet frå Sola. Dei kan stundom nå enda lengre ut. Temperaturen er nokre millionar grader. Grunnen til at det oppstår ein bóge, er at dei enorme tyngdekreftene på Sola dreg den brennande gassen /plasma ned at mot Sola. Dei kan vare frå minuttar til timar, og energien som vert løyst ut tilsvarar millionar av 100 megatonns hydrogenbomber !

Når eit slikt solglimt / solar flare skjer, vert det samstundes frigjort mange typar stråling,- frå radiobylgjer vía røntgen- til gammastråling. Dei spreier seg i alle retningar med lyset sin hastigheit, som er tett opp i mot 300 000 km/sek.

Det vil sei at strålinga treff Jorda rundt 8 minuttar etter solglimtet, om det skjer på solsida som vender mot oss.

Her på Jorda kan dei føre til forstyrrelsar eller heilt bortfall av radiosamband, satellittar kan verte øydelagde. Astronautar kan kome i livsfåre på grunn av fårleg stråling.

Sidan Sola vert nøye overvaka både frå Jorda og frå satellittar frå fleire nasjonar, kan ein gjennomføre tiltak om ein trur det er fåre for slike eksplosjonar. Ein kan slå av straum i installasjonar på bakken og i satellittane, få astronautar inn i romfartøy og helst i skuggen av Jorda.

Flytrafikk kan varslast om at det kan oppstå problem med navigasjon og radiokommunikasjon i utsette områder.

Den andre eksplosjonen, vert kalla CME = CORONAL MASS EJECTION.

Dei skil seg frå SOLGLIMT med at det her er snakk om ei gigantisk sky av lada partiklar frå Sola som vert slengd i veg i retninga skya har frå Sola. Denne skya vert ofte kalla SOLSTORM.

Ho fér gjennom rommet med mange tusen km i timen, men ikkje med lyset si hastigheit slik stråling frå SOLGLIMT gjer.

Dersom Jorda er i fartsretninga, treff skya oss typisk 2 til 4 dagar etter CME- eksplosjonen.
Storleiken på ei slik sky / solstorm kan vere fleire tusen, eller fleire millionar gonger større enn Jorda.

Når dei lada partiklane i skya / solstormen tørnar saman med Jorda sitt magnetfelt, oppstår det ofte kraftig nordlys.

Ekspertar hevdar at om me skulle få eit direkte treff frå ein kraftig solstorm, vil det kunne førfe til voldsomme endringar for oss: Heile den teknologiske infrastrukturen som me er fullstendig avhengige av, vil bryte heilt eller delvis saman. Me kan tenkje oss katastrofen dersom teknologien i sjukehus, offentleg transport, pengeflytting, radiosamband, straum, privatbilar og hushaldning fell bort. I verste fall kan straumtilføringa over heile Jorda bli øydelagd.

Det seier seg sjølv at det vil ta mange år å byggje dette opp att.

Som nemt tidlegare, har me i slike høve 2 til 4 dagar på oss for å setje igang mottiltak, sidan CME eksplosjonen vil oppdagast av den kontinuerlige observasjonen av Sola.

Ofte, men ikkje alltid fylgjer ein CME- eksplosjon tett på, eller skjer samstundes, med ein SOLGLIMT eksplosjon.


SJÅ UNDER BILETE AV BEGGE FORMANE FOR SOLARE EKSPLOSJONAR:

OVER SOLGLIMT- eksplosjon / SOLAR FLARE




OVER: CME- eksplosjon. Ein ser tydeleg plassmaskya av lada gasspartiklar som vert slengd ut i rommet. Det er ei slik sky som no truleg er på veg omtrentleg mot oss for andre gong på nokre dagar. Men det er likevel ikkje snakk om noko flammehav slik det ser ut i det solstormen forlet Sola på biletet.
Men derimot ei gassky av lada partiklar.


KVA HAR HENT PÅ SOLA DEI SISTE DAGANE ?

På måndag kveld skjedde ein kraftig eksplosjon på Sola i ein solflekk som vende mot oss jordbuarar då det small. Stråling av mange typar fór avgårde med lyset sin hastigheit, og traff deler av Jorda 8 minuttar seinare.

Enkelte radiosamband vart uroa på nordlege halvkule.

Ein CME- eksplosjon skjedde omlag samstundes, og denne skya / solstormen er rekna å treffe Jorda i kveld onsdag når eg skriv dettte.

Sjølv ser eg ikkje nordlys i kveld, men eg bur litt uhamsleg til.

Denne solstormen er ikkje kraftig nok til å føre til store øydeleggjingar.

MEN I DAG SMALL DET IGJEN PÅ SOLA.

Krafta på SOLGLIMT vert klassifisert med bokstavane S, C, M og X. Kvar bokstav har tal bak seg slik at X3,2 er kraftigare enn X1,5.

S er den svakaste gruppa, M er middels kraftig medan X står for dei kraftigaste solglimta.

Eksplosjonen i dag skjedde norsk tid 14:02 og nådde heilt opp i X9,3.
Over store delar av Jorda fall høgfrekvent radiosamband bort. GPS navigasjonssytem fall ut i 1 time enkelte stader.

Dette gjaldt også Europa.

Samstundes skjedde ein CME- eksplosjon. Ein held no på å rekne på om solstormen frå denne treff oss, i så fall kvar og når. Sola har jo dreia solflekken litt vekk frå oss sidan forrige smell.

Som tidlegare skrive, treff han oss i så fall om 2 til 3 dagar.

Me får sjå kva som skjer.









Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.