Vela-X

Vela-X

HERE IS WHAT YOU WILL SEE

I will reflect around different issues,- from nutrition to cosmic consciousness,- from planet Earth to Deep Space and back again.

There is also links to other sites that I may be blamed for having created,- such as smaller informal lectures mainly written in nynorsk.

Feel free to read and comment, as long as you do not step down to the level of intolerance and stupidity.
In such a case, I will bless the human beings with deleting your garbage.

Please have a seat, fasten your seat belts and have a pleasant flight.

SPØRSMÅL - PREGUNTAS - QUESTIONS ? KLIKK HER !

Er det nokon der ute ...???

ASTRONOMIPosted by Harald Sat, November 17, 2018 19:07:23

I mange år har me jordbuarar undra oss over om me er åleine i det ufatteleg enorme verdsrommet.

Du treng ikkje vere astronom, astrofysikar, astrobiolog eller amatør astronom som eg for å gjere deg opp ei meining om dette.

Du treng berre ein del fakta du kan tenkje omkring, eller samtale med andre om.

Og nett det skal du få no,- i alle fall så langt ein meiner å vite tufta på kunnskap me har i dag om universet. Det hjelper godt på med observasjonar gjort ute i verdsrommet av Hubble- teleskopet og av Kepler- teleskopet. I tillegg observasjonar frå jordbaserte teleskop, radioteleskop og analysar ved hjelp frå kraftige datamaskinar.

Fyrst litt om Kepler- og Hubble- teleskopa

Kepler- teleskopet har gått tom for brennstoff og dei endelege godnatt- kommandoane vart sendt til teleskopet den 15. november i år,- på same dato som den tyske astronomen teleskopet var oppkalla etter døyde for 388 år sidan, den 15. november 1630.

Kepler- teleskopet vart sendt ut i rommet 7. mars 2009, og var berekna å vere i drift i 3 1/2 år. Men det rakk å samle informasjon i mest 10 år.

Hubble- teleskopet vart sett ut frå romferja Discovery 24. april 1990. Ein rekna med det ville vere i teneste i 15 år, men har no vore i drift i 28 år! I skrivande stund held ein på å rett ein feil på gyroane. Ein reknar med at Hubble- teleskopet vil kunne operere lenge saman med det nye teleskopet, James Webb Space Telescope, som truleg vert sendt ut i 2021.

Så til saka

Om det er liv der ute i endeløysa, kjem an på ei rekkje tilhøve som me skal sjå litt på. For å ta det heilt frå det grunnleggjande, er det slik at alle stjernene du ser der ute som blenkjer og glitrar ei stjerneklår natt er soler.

Altså: Sol eller stjerne er ulike namn på same astronomiske objekt.

Dei produserer energi sjølve i noko me litt forenkla kan samanlikna med ein kjernefysisk eksplosjon som varer frå mange millionar til oftast nokre milliardar år. Korleis stjerner vert til, får me ta ein annan gong.

Stjernene / solene har mange storleikar og temperaturar. Vår stjerne, Sola, er faktisk berre ei stor dvergstjerne med overflatetemperatur på 5505 grader C. Likevel er det plass til 1 million jordklodar i Sola. Den størset stjerna me kjenner til så langt, heiter UY-Scuti og er 5070 lysår frå Jorda. Om ho hadde vore plassert der Sola er, ville mest alle planetane i solsystemet vårt fått plass inne i ho frå sentrum og utover !

Her ser du lettare kor ørsmå me er samanlikna med gigantstjernene der ute: KLIKK

Du treng også å vite kva eit lysår er. Det er så langt lyset går på eit år med ein fart av 299,792,458 m i sekundet. Altså svært nær 300 000 km/ sekundet. Rimeleg ufatteleg å begripe. Difor vert det lettare forståeleg om du tenkjer at du med lyset si hastigheit ville du «flyge» 7,5 gonger rundt Jorda på eit sekund, bruke 1,5 sekund til Månen og vel 8 minutt til Sola. Vidare om lag 2 min til Venus, 4 min til Mars, 30 min til Jupiter, 1 time til Saturn, vel 2 1/2 time til Uranus, 4 timar til Neptun og 5 1/2 time til Pluto.

Om du har tenkt deg til den nærmaste stjerna bortsett frå Sola, Alfa Centauri, vil du bruke 4,2 år. (Eg skreiv til den nærmaste stjerna utanom Sola.....).

Me kjem attende til dette med lyste si hastigheit, tid og rom. Du som set i romskipet som fér avgarde med lyset sin hastigheit brukar nemleg langt mindre tid enn tida som går for oss som ser deg reise avgarde !
(Verdsrommet og alt som høyrer til er ufatteleg fascinerande, ufatteleg vakkert....og like fælsleg skremmande ).

Skal du tenkje deg fram til om det er live der ute, lyt du får greie på kor mange galaksar, stjerner, planetar og månar ein trur det er å halde greie på.

Galakse = ei samling frå nokre millionar til mange milliardar stjerner som kretsar rundt eit enormt gravitasjonspunkt i sentrum; eit supermasivt svart hól med gravitasjon / tyngde tilsvarande mange hundre tusen til fleire billionar stjerner / soler.

Stjerne / sol = Objekt i rommet av ulik storleik som produserer enorme mengder energi ved kompliserte kjernefysiske prosessar. Driv atmosfæren og gjev liv til planetar som kretsar rundt stjerna om tilhøva elles ligg til rette.

Planet = objekt som kretsar rundt ei stjerne / sol. Kan vere steinplanet som t.d. Jorda, Mars og Venus, eller vere heilt av gass / atmosfære som Saturn, eller mest av gass / atmosfære men truleg med ein kjerne innerst som Jupiter.

Måne = Objekt som kretsar rundt ein planet. Faktisk er også ørsmå månar funne å kretse rundt enkelte asteroidar. Måne vert også kalla satellitt. Men då ikkje kunstig satellitt som er slike jordbuarane sender ut i rommet.

No treng du tal, eller rettare sagt antal; av svimlande og bosktaveleg tala astronomiske dimensjonar.

Ein har rekna seg fram til at det er i alle fall 200 billionar galaksar der ute. Eg har óg sett talet 2 trillionar galaksar nemnt. …

Kvar galakse har gjennomsnittleg 1 billionar (1000 000 000) stjerner / soler

Det vert hundre trillionar (100,000,000,000,000,000,000) stjerner i verdsrommet.

Tufta på det ein har funne ut til no, har kvar stjerne 5 større planetar og 3 dvergplanetar som kretsar rundt seg. Tilsaman 8 planetar gjennomsnittleg. Ved å gange vidare kjem me til at det i verdsrommet er åtte hundre trillionar planetar (800,000,000,000,000,000,000) der ute om ein reknar alle galaksane.

Berre i vår galakse åleine kan det vere 10 trilliardar planetar om ein reknar ulike storkeikar.

Om ein reknar at éin av 15 planetar / månar er bebuelege, slik ein reknar det ut ifrå vårt solsystem, vert det 53 trillionar (53,000,000,000,000,000,000) bebuelege klodar i verdsrommet. Hugs at det godt kan vere bebuelege månar, ikkje berre planetar !

Javel,- og kvifor er det ingen som svarar oss, eller tek kontakt om det kan vere så ufatteleg mange planetar med liv ?

Fyrst lyt det heilt grunnleggjande vere på plass for liv, i alle fall slik me ser det i dag:

1) Avstanden frå planeten / månen til stjerna lyt vere slik at det ikkje er for varmt, eller for kaldt.

2) Kloden lyt ha ein atmosfære liv kan eksistere i, og som vernar livet mot farleg stråling frå stjerna /sola han kretsar rundt.

3) Det lyt vere vatn der i ei eller anna form

4) Han må vere på ein etter måten trygg stad, slik at ein ikkje ofte vert treft av asteroidar og større meteorittar som øydelegg, set fyr på vegetasjon, skapar flodbylgjer, fører til oske og forureining i atmosfæren og som kan hindre sollys å sleppe gjennom.

Du lyt i kalkulasjonane dine ha med at uansett kva utviklingstrinn ein eller fleire utanomjordisk sivilisasjon(ar) er på, kjempar også dei mot utfordringane med astronomiske avstandar samt at ikkje noko kan reise fortare enn lyset sin hastigheit. Eigentleg makismalt 99,99% av lyset si hastigheit.

Her kjem noko komplisert: Ein gjenstand med ei eller anna masse kan ikkje bevege seg fortar enn lyset avdi massen ikkje er konstant, men aukar med farten og vert uendeleg ved lyset si hastigheit. Slik at du lyt ha endelaus mengd energi for å akselrere ei endelaus masse (objekt / gjenstand) fortare enn lyshastigheita. Dette lyt eventuelle utanomjordiske slike med også.

Tenk deg stjerna Sirius som me ser glitre klår i sør no ved Juletider. (Eigentleg Sirius A , Sirius B og Sirius C. Kan ikkje gå inn på nett det no). Sirius er 8,6 lysår frå Jorda. Det er minst ein planet der, og det vert diskutert om det kan vere i alle fall bakterieliv i eit hav der. Det er også hevda at det har vore utanomjordiske på vitjing til Jorda frå dette systemet attende i tid. Du kan lese sjølv her og her:

Anten det er sånn eller slik, vil det alstå ta 8,6 år å reise til Sirius systemet sjølv om du greier å lage eit romskip som kan flyge 7,5 gonger rundt Jorda på eit sekund ! (Lyset si hastigheit). Radiobylgjer fér omlag med same farten. Skal du kringkaste noko til ein eventuell sivilisasjon der, tek det 8,6 år før dei mottek meldinga. Om du då sender på ein frekvens eller med teknologi dei nyttar sjølve, eller kan finne ut av. Så lyt dei tolke meldinga di. Kven har sagt at dei kommuniserer slik me gjer med ord ? Så lyt dei «samtale» (?) om korleis dei skal handtere meldinga di, bli einige om eit svar og så sende det til deg på ein måte slik at du kan motta og tyde svaret. Det har då gått minst 8,6 x 2 (fram og attende) =17,2 år frå du sende meldinga. Lat oss håpe du har helt fram med å lytte, og ikkje gløymt / gått lei av heile prosjektet etter så mange år !.

Tenk deg at du sender ei melding til ein planet i eit system til dømes 1200 lysår frå oss. Du sender med ein teknologi me har i dag ei melding som reiser gjennom universet i 1200 år, og altså vert motteke på ein klode i ei framand verd i år 3218 rekna i vår tid. Er det nokon der som kan begripe slikt, eller er det berre bakteriar, planter, havdyr eller andre dyr og fuglar der ? Om det er intelligent liv der; Har dei teknologi til i det heile å forstå meldinga, eller forstå at det kjem ei melding i det heile ? Ligg dei for langt bak i utviklinga, eller så langt føre oss at dei begrip like lite av meldinga di som me begrip av slikt ein finn i utgravingar frå mange tusen år attende i tid. Til dømes hieroglyfar og andre antikke teikn og teikningar.

Lat oss ei at alt dette går som kniv i smelta smør, dei vert glade for meldinga di og sender attende svar til deg. Øh....berre at svaret kjem attende til deg..(?!) i år 4418. Meldinga tok 1200 år fram til dei utanomjordiske på denne tenkte planeten, og så tok svaret enda 1200 år til på veg attende til Jorda. Kor truleg er det at du set og ventar framføre Walkie-Talkien din i 2400 år ? (Rikeleg med kaffe eller te...? Samt rundstykkje med kvitost å kose deg med....medan du ventar på svar ?)

Og om du innan då har vandra over på den andre sida blant de salige, har du då nøye nedteikna for etterkomarane dine ( over nokre hundre generasjonar) om korleis dei skal bere seg åt med «melding til ei framand verd- prosjektet» ditt ?

At sivilisasjonar utryddar seg sjølve er diverre noko som godt kan skje. Under utviklinga av teknologi og samfunn kan det ha gått slik det ofte har gått på Jorda: utviklinga vert sett attende eller stoppar opp grunna krigar, sjukdomar, maktkampar, undertrykking og slikt me kjenner altfor vel til på vår eigen klode. No kan ein hevde at krig og utvikling av forsvar og våpen også framskundar teknologisk utvikling. Men skal ein sivilisasjon ha resursar til å kunne utvikle noko så komplisert og krevjande som å reise over store avstandar i rommet, samt vere i stand til eventuelt å kommunisere (i fall dei bryr seg) med andre sivilisasjonar dei treff på i rommet, er det ikkje rom for krig, maktkamp og ufred. Kan hende heile sivilisasjonar har utrydda seg sjølve med kjernefysisk krig eller ulukker, naturkatastrofar, klimaendringar og slikt.

Avstands- og fartsfrustrasjonane: Slik at om det er intelligent liv der ute, er avstandane like ufattelege for dei som for oss.Og sjølv ein fart av 7,5 gonger rundt Jorda i sekundet, er for sneglefart å rekne om ein skal nokon stad utanfor vårt eige solsystem.

Har dei eller me eit eller anna triks på lur ? At såkalla ormehól kan eksistere konkluderte både Albert Einstein og Nathan Rosen seg fram til i 1935. Det er frykteleg komplisert, men eg freistar med ei ekspressforklåring her. Så kan særs interesserte heller lese om det på eiga hand.

1) Finn eit A4 ark.

2) Teikne eit kryss nær kvar ende på kortsidene av arket.

3) Tenk deg no at du skal reise frå det ein krysset som er Jorda til det andre krysset som er ein planet i eit solsystem eksempelvis 7200 lysår frå Jorda. Slik eg har greidd ut om tidlegare, vil reisa altså ta 7200 år om du kan reise med ei hastigheit som lyset si, 7,5 gonger rundt Jorda / sekundet. Det seier seg sjølv at med hastigheita me i dag oppnår med romferjer og slikt, vil det ganske enkelt vere umogeleg. Det ville ta millionar av år, då me i dag ikkje ein gong kan reise med ein liten brøkdel av lyset si hastigheit. Rett nok trur NASA at dei innan 2050 ved å nytte lithium baserte ione- motorar kan klare over 447 km / sek. Det er likevel langt att til 300 000 km/sek !

4) Ormnehól- teorien baserer seg (sterkt forenkla ! ) på at det oppstår bylgjer i verdsrommet som ein på førehand kan fastslå kvar kjem og når. Om du tenkjer deg at A4- arket er verdsrommet, og ei bylgje oppstår slik at ark- endane kjem tett på kvarandre ( før kryssa saman ved å leggje ark- endane mot kvarandre), ser du at du kjapt kan smette frå Jorda (det eine krysset du merka av) over til den andre verda (det andre krysset) utan å møtte reise 7200 lysår over heile arket. Men du lyt smette over før ark-endane fjernar seg frå kvarandre att, og arket vert flatt att. Så lyt du returnere attende til Jorda neste gong «bylgja» kjem, eller fram og attende under ei og same «bylgja» om ho varer lenge nok. På dette viset kan du reise over enorme avstandar på sekundar, utan å kome opp i lyset sin fart.

Eit lyspunkt til (eller...?) Det er ei trøyst til om du skal reise opp imot lyset sin fart når det gjeld kor lang tid det tek. Men du lyt klare 99,99% av den farten for å få det til. Det var det eg var inne på i byrjinga, om at det er for oss som står på Jorda og ser deg dra av garde det tek frykteleg lang tid. Men ikkje for deg ! Grunnen er at rommet krummar seg nær lyset si hastigheit. Skal du reise dei 8,6 lysåra til Sirius tek det altså 8,6 år for oss som ser deg dra. Men for deg ombord i romskipet tek det berre knapt 1 1/2 månad. Og du vert berre 1 1/2 månader eldre, sidan prosessane i kroppen din går langt seinare. Slik at når du kjem attende til Jorda, er du rundt 3 månader eldre, medan me er blitt 17,2 år eldre. Skal du den «korte» vegen rett bort til den nærmaste stjerna utanom Sola, Alfa Centauri,- som «berre» er 4,2 lysår frå oss,- tek det altså 8,4 år for oss frå du dreg til du kjem attende. For deg har det berre vore om lag 5 vekers sommarferie !

Enda heftigare vert det om du dreg med 99,99% av lyshatsigheita til den nærmaste store galaksen til vår galakse, Melkeveien. Han heiter Andromeda- galaksen, er ein god del større enn vår galakse og 2,4 millionar lysår frå oss. Når du, for oss på Jorda har reist i 2,4 millionar år, har du berre blitt ca 28 år eldre,- og reisa tok deg berre 28 år. Returnerer du til Jorda, er du blitt 56 år eldre sidan du drog. Men du kjenner deg neppe att, for her har det gått 4,8 millionar år!

Dersom me får «framandfolk....» på vitjing, eller me dreg på vitjing til dei

Framandt miljø kan utrydde dei / oss i fall kontakt med kvarandre. Eg tenkjer på framande bakteriar, ulik samansetjing av atmosfære og mange andre tilhøve. Tenk berre på kor farleg det er om ein her på Jorda dreg med virus av ein i utgangspunktet vanleg og oftast enkel å kurere barnesjukdom til ei stamme som lever for seg sjølv og aldri har hatt slik virus; heile stamma kan verte utrydda.

Stor skilnad i utvikling og tyding av verda rundt kan vere eit stort hinder. Døme: Ville du sett deg ned ved ei maurtue og diskutert fiske ved Haltenbanken i fjor med mauren ? Neppe, og mauren ville nok ikkje begripe kva du preika om, han ville vel ikkje ein gong ense at du faktisk sat der. Kan utanomjordiske sjå på oss omlag slik me ser på maur, småsild eller erteblom ? (Får håpe dei i så fall ikkje sleng ut ei not etter oss...).

Vil me ha kontakt, eller helst ikkje bli oppdaga ? Det er ikkje alle astrofysikarar og astrobiologar som er begeistra over at nokre romforsknings- organisasjonar sender ut signal mot rommet som seier «Her er me !» Dei syner til korleis det har vore på Jorda framover i tida; med at dei med best våpen og «teknologi» om det så var seglskuter mest støtt har lagt under seg dei svakare. Til og med gjort dei til slavar som dei kjøpte og selde, og handsama dei verre enn me gjer med dyr i dag.

Andre hevdar at om det er utanomjordiske med så stor kunnskapar at dei kan vitje oss, så hadde dei ikkje kome til eit så høgt intellektuelt nivå utan å ta med seg respekt og høge etiske verdiar på vegen. Og at dei difor ikkje er farlege for oss, men tvert i mot kan rettleie oss.

No har du eit grunnlag for å gjere deg tankar om verdsrommet, og om kor vidt me er heilt åleine i uendelegheita på det ørvesle, usynlege grynet me kallar Gaia, Jorda eller Tellus. Og om du meiner det er andre der ute, kvifor kommuniserer me ikkje med kvarandre ?

Hestehovudskodda i stjernebiletet Orion er ei sky av interstellart støv, plasma og gassar så tett at ho stenger for lys frå stjernene bak samstundes som den mørke støvskya trer klårt fram i lyset frå ei lysare stellar skodde.

Avstanden frå Jorda til Hestehovudskodda er om lag 1500 lysår.










Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.